torsdag 21. juli 2011

Manuell suksess

Det var etter måten surt i veret onsdag, sjølv om det faktisk kom seg ein god del til årets første Norna-karusell på Fana Stadion på kvelden. Ein fin bukett frå Gneist fekk seg konkurransetrening i ein elles stille sommarperiode og nokre av dei viste at formen var god også. Me levde også godt med at det denne gongen måtte brukast manuell tidtaking.

Henrik Irgens Gravdal (G13) har halde fint på formen frå før ferien - for å seia det mildt. Onsdag sprang han ein sterk 400 meter, der han ikkje viste ein svak augneblink løpet gjennom. Og med 59,9 sette Henrik endå ein ny klubbrekord og også denne gongen var det Sigve Stenersen som hadde den gamle. For 28 år sidan sprang Sigve på 60,5.

Gjert Høie Sjursen (G11) lei ikkje så mykje under at det var manuell tidtaking (-) då han persa med 19 centimeter i slegge. Persen - no på 26,66 - innebar også at hans eigen klubbrekord blei betra frå kastet han fekk opp i Helsingborg tidlegare i månaden.

Anna Serine Røssland (J14) kunne sikkert tenkt seg å ha hatt godformen under større stemne tidlegare i år, men ein får vera nøgd når den kjem likevel. 5:08,5 på 1500 meter var pers-betring med om lag fem sekund. Viktigare: Med det løpet er Gneist i den situasjonen at dei vil ha to førsteårs-juniorar kvalifisert for lengre løp under junior-NM i Sigdal neste sommar. Ingrid Næss Johansen siktar alt inn mot 3000-meteren der. Det må vera ganske lenge sidan sist at Gneist var i ein slik situasjon.

Endeleg var det kjekt å sjå Andreas Iden (G16) tilbake på løpsbanen. Han slit framleis med helseproblem, som må undersøkast nøgnare, men det var meir manglande røynsle på distansen som prega 400 meter-løpet hans onsdag. 56,2 er ei habil tid, men det var stor skilnad på første 250 meter og siste 150.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar