tirsdag 1. februar 2011

Sommarfjell og vinterkarusell

For ei god veke sidan fekk eg ei underleg melding på telefonen: "Trenger dere salting?" Eg er saltings- og brøytingsansvarleg i Velforeningen, slik sett var det ikkje så underleg, men nett då sat eg ved bassengkanten i 24 graders varme og trong ikkje mykje salting.

Dagen før hadde me flott langtur: Først langs promenaden frå Arguineguin i retning Puerto Rico, så oppover dalen  på steinete underlag. På toppen av dalen, like før vegen gjekk nedover mot sjøen, tok me av oppover dei svingete grusvegane opp mot sjølve fjellet - der alle dei norske pensjonistane berre går og går. Me sprang. Første vesle "kvilestad" gav oss utsikten nedover mot Puerto Rico sentrum, der alle supermarknadene og restaurantane med svenska köttbullor fanst (og der Elvis spelte "Live Tonite"). Men me sprang vidare, oppover og oppover. Me nådde høgste punktet på den turen ved Palmelunden (eller "Norskeplassen"), 315 meter over havet. Der sprang me gjennom portalen og over på flott, hardpakka fjellsti: kupert og fint. Til sist enda me på grusveg nedover i retning strandpromenaden der me starta. Nydeleg!

Og om lag samtidig, mandag 24. januar, gjekk femte vinterkarusell av stabelen. Mange Gneist-familiar glimra med sitt fråver, men dei løparane som var med gjorde det svært godt. Me legg merke til Henrik (Gravdal, G13, 20,27) og Henrik (Ettrup, G11, 23,12), men framfor alt tilhøyrde dette femte løpet Jørgen Jensen Axelsen, som både vann heile 5-kilometeren på strålande 16:33 og som samtidig klatra opp på delt 4. plass (med Lars Røttingen) på vinterens adelskalender.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar