lørdag 12. februar 2011

Suksess i Trondheim

La det vera sagt med ein gong: eg har ikkje berre gode minne frå Trondheim. Ein onsdagskveld i september i 1994 sat eg på Lerkendal Stadion (av ein viss Davy Wathne kalla for "friidrettsbanen i Trondheim") og såg eit fotball-lag frå Bergen tapa ein kamp 0-9. Det er på ein måte eit utgangspunkt.

Men så slår to bergensjenter til i første forsøk i den nye hallen på Ranheim, så til dei grader!

Marianne Benserud stilte i juniorklassen og auka si samling av juniormeisterskap då ho vann høgde utan tilløp ganske suverent (og klart betre enn vinnaren i seniorklassen også)! 1,39 gir 1038 Tyrving-poeng og er fem centimeter over Marianne sin eigen klubbrekord i J16.

Monika Benserud har også prikka inn storformen til første Ranheim-helga denne vinteren: 7,87 på 60 meter er pers med eit tidel, det gav 2. plass i hennar forsøksheat og plass i semifinalen - i seniorklassen. Det gir også heile 1075 Tyrving-poeng og forbetring av eigen klubbrekord. I semifinalen sprang ho like så godt sitt nest beste løp, med 7,90, og tok ein fin 5. plass i sitt heat.

I tresteg persa Monika til 11,43, noko som også gav 5. plass i innomhus-seniorNM. Dermed har Monika også dette året hoppa lengre enn kravet både til UM, junior-NM og senior-NM (ho klarte krava alt i fjor). 11,43 er fattige sju centimeter bak Amalie Tefre Skage sin klubbrekord i 15-årsklassen frå 2006.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar