lørdag 19. februar 2011

Kortreiste utøvarar

Det er noko som  i vår moderne tid blir kalla kortreist mat. I og med lørdagens tildeling av meisterskap for 2012 (og hovud-NM i 2013) kan me slå fast at me får kortreiste utøvarar heimefrå til fleire av dei store meisterskapa i 2012.

Minst overraskande var det at innandørs-UM hamna i Sandnes. Hallen i Sandnes er så godt som ferdig no, men det er i seinaste laget til årets innandørs-UM, som det var planen at Sandnes skulle ha arrangert. Det var uansett ein stram tidsplan og då betongbjelkar -  eller kva det no var - datt i bakken sist sommar, så blei arrangementet flytta til Ranheim. No blir det altså tur til Sandnes om circa eit år.

Ikkje veldig overraskande var det heller at utandørs-UM blei lagt til Ravnanger, Askøy. Etter arrangeringa av junior-NM sist august har alliansen på Askøy uttalt at dei igjen sikta mot hovud-NM og at dei på vegen dit gjerne ville ta med seg eit UM for å spissa arrangør-kompetansen. UM 2012 er altså no i boks. Så får me håpa at det tidlegare omtalte Askøyleikane-veret gjer seg ferdig i mai månad og at det i månadsskiftet august/september blir ein strålande (og vindstille?) Indian Summer der ute på øyo, sjølv om det kanskje er mykje å håpa på.

Og det er ikkje nok med det: Snart er det kortløype-terrengløpUM/NM austpå (i år igjen), men i 2012 er det Strandebarm  og Gular som i fellesskap har fått arrangementet, så då blir det vel vårtur til Hardanger.

Av anna relevant: NM innandørs (der me hadde to utøvarar med i Trondheim nyleg) skal gå i den andre trønderhallen, i Steinkjer. NM i stafettar skal i 2012 gå i Moss, NM for junior går i Sigdal i Buskerud, NM i lange terrengløp (om hausten) skal gå på Ås.

Hovud-NM for 2012 er tidlegare plassert i Kristiansand. Arrangementet i 2013 skal gå i den vene Greveskogen i Tønsberg.

Men dei store arrangementa lokalt er ikkje slutt med dei alt nemnde: NM i motbakkeløp skal gå i Rosendal (det blir vel opp til Malmangernuten det, vil eg tru) og NM i mangekamp  skal gå på stadion i Arna i regi av IL Fri.

Det bør også vera ein stor dag for kasserar Leikvoll dette!...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar