torsdag 3. februar 2011

Den løyndomsfulle terminlista

Nokre av oss likar å planlegga. Det er til og med nødvendig i mange tilfelle. Det er kryssande omsyn i familiar, det er reiser og opphald som skal bestillast og betalast. I planlegginga av ein friidrettsessong (for så vidt til liks med andre idrettars sesongar) skal ein til dette formålet nytta terminlista. Men det einaste som er sikkert med terminlista er at den er særs usikker. Vel, stort sett stemmer det som kjem på lista, sjølv om det også hender at stemne blir lagt ut for så å bli trekte tilbake.

10. januar hadde friidrettskretsen terminlistemøte. Komande mandag er det fire veker sidan. Veldig mange stemne og datoar er klare, men på online-oversikten på friidrett.no finst det berre nokre få som faktisk er offentleggjort:

7. mai er det Hovdingleikane
9. mai er det BFG sitt opningsstemne på Fana Stadion (altså ein mandag)
15. mai er det Laksevåglekene (eit par-tre veker seinare enn det me er vane med)
29. mai er det AKS-leikane der ute på Knarvik

Men svært mykje av resten av programmet held ein av ein eller fleire ukjende grunnar tett til sitt bryst:

Kvifor er det hemmeleg...
... at Framo-lekene går 2. - 5. juni?
... at stor-KM går 25. - 26. juni?
... at KM 11-14 år blir arrangert av det velrennomerte IL Gneist på Fana Stadion 13. - 14. august?
... at Stord-leikane blir arrangert i strålande solskin 19. - 21. august?

... for å nemna nokre sentrale milepælar i sesongen.

Men tru ikkje berre at det berre er hordalendingar som kan være løyndomsfulle! Me har tidlegare meldt at Mai-lekene i Haugesund i år går 21. - 22. mai, men ikkje sei det til nokon andre! Og dei to største stemna for barn og unge må ein også leita etter datoane for: Tyrvinglekene går 17. - 19. juni og Veidekkelekene på Lillehammer 23. - 26. juni.

Mykje underleg her. Det er som om ein skulle halda unna åtte-ni av Brann sine seriekampar frå terminlista på ubestemt tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar