torsdag 10. februar 2011

Søstrene Benserud til NM

Mange har fokuset sitt mot den nye hallen på Ranheim til UM i midten av mars, men arrangementa står i kø der oppe, aust i Trondheim, og komande helg er det sjølvaste innandørs-NM som står for døra.

BFG Fana stiller med fleire deltakarar. To av dei representerer i det sivile IL Gneist, søstrene Marianne og Monika Benserud.

Og det er ingen grunn til å tru at dei reiser opp som lærejenter. Marianne debuterte i junior-NM sist sommar med å vinna gullet i stav. I utandørs senior-NM i Sandnes i august i fjor blei det 4. plass. Ei plassering mellom dei beste i stav er såleis høgst realistisk. Men høgde utan tilløp er på papiret likevel Marianne si sterkaste øving; ho har dei to beste hoppa i øvinga for seniorar så langt i år.

Monika er påmeldt i 60 meter, lengde og tresteg. Ho har 13. beste tida på 60 meter så langt i vinter og 7. beste lengdehoppet. Begge deler fortel at me kan ha forventningar om heiderlege plasseringar og vel så det i desse øvingane i Monika sin debut i eit norsk meisterskap. Aller best rangert er ho likevel i tresteg. Monika skal også delta på BFG-laget på 4 x 200 meter stafett.

Marianne innleia på mange måtar ein ny epoke med Gneist (via BFG)- markeringar i norske meisterskap med sine solide prestasjonar i 2010. NM-helga i Ranheimshallen blir truleg eit fint framhald på dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar