fredag 11. februar 2011

Terrengløp

Det er ein nydeleg dag der ute i dag - nesten som skapt for terrengløp? Som me får rapportar om frå England; der borte kan dei det med terrengløp og dei har tilbod gjennom heile vinteren og halve våren.

Våre interesserte terrengløparar har i praksis to tilbod her heime, i alle fall om ein er 15 år eller eldre: kretsmesterskapet her lokalt og - for dei eldste - UM/NM nasjonalt. Det siste mesterskapet går i år den 9. april på Geithus i Buskerud, der Furumomila går kvar haust. Dette er den korte varianten (2 km for ungdommane), medan den lengre går i Trondheim til hausten. Det ser ut til å bli eit sterkt lag på fem gutar frå Gneist i år: Jørgen Jensen Axelsen (G 18/19), Andreas Iden og Ole Martin Røssland (G16) og Aleksander Lie og Stian Norheim (G15).

Årets kretsmesterskap går ei veke tidlegare, 2. april, i samband med det tradisjonsrike Parkløpet på Stord. Ifølgje invitasjonen går løpet på Vikastemmo - det er den kjende Vikastemmo på Leirvik, naturlegvis - og der er det "mest parkområde og unoko ujamnt underlag (gras og sti)".

Me får håpa mange tar turen til Stord første lørdagen i april. Tradisjonelt er desse terrengløpa ganske klart prega av kor det blir arrangert:

I 2007 var Osterøy arrangør. Osterøy IL tok 7 KM-gull, Gneist 0 (og hadde null deltakarar også!)

I 2008 var Strandebarm (og Gular) arrangør. Strandebarm tok 1 KM gull og fleire andre medaljar, 1 gull også til Norheimsund. 2 gull til Gneist (Martin Torgersen, G13, og Vilde Lund Bjørnsen, J12)

I 2009 var IL Fri offisiell arrangør, men med svært god hjelp frå Bjarg/Gneist/BFG. Mesterskapet gjekk på bakkane på Stend. Gneist vann 5 KM-gull (Casper Stenersen, G11, Renate Lie, J11, Vilde Lund Bjørnsen, J13, Andreas Iden, G14 og Jørgen Jensen Axelsen, G16).

Og i fjor, i 2010, var arrangement same stad og IL Gneist var også offisiell arrangør. Gneist heldt på den solide gullfangsten på 5 (Casper Stenersen, G12, Aleksander Lie, G14, Renate Lie, J12, Anna Serine Røssland, J13 og Hedda Magnerud, J16).

Det er altså grunn til å tru at sunnhordlendingane kjem til å markera seg på Vikjo, heimekjære som dei (også) er. Men me kan vegen til Stord, det viser me mellom anna midt i august kvart år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar