fredag 10. oktober 2014

Prognose, Lagserien

Gneist har hatt for vane å ligga heilt i toppen både for jenter og gutar i Lagserien i Hordaland dei siste åra. Gutane vann suverent i 2013, jentene litt meir knepent.

Trond Leikvoll har statistikk-ansvaret i Gneist og frå han har det tikka inn ein prognose for Gneist-laga for 2014. Prognosen har ikkje finrekna på konkurrentane sin sesong, men den seier likevel ein god del.

For ein gongs skuld tar me gutane først, sidan dei presterte så overbevisande som dei gjorde i fjor. Då var dei over 60.000 poeng i Lagserien for første gong? - eller for første gong i moderne tid - når no den tok til.

Poengsummane sin bakgrunn og slikt får me eventuelt koma tilbake til, her får me berre halda oss til poeng og plasseringar i denne omgangen.

Friidrett er for det aller meste ein individuell idrett. På slutten av sesongen blir så dei individuelle resultata innrapportere i lags form og plassert i tabellar og divisjonar i ein lagserie. Dette er fascinerande og, for ein del, litt merkeleg, men slik er det no.

- Gutane sitt elitelag vann altså heile lagserien i 2013. Prognosen for 2014 seier at rekordpoeng-summen frå i fjor kjem til å bli slegen i 2014 - og at gutane såleis kjem suverent til å gå til topps igjen.

- Gutane sitt 2. lag hamna heilt oppe på 4. plass i Elitedivisjonen i fjor. Prognosen for dette året fortel at laget vil vera i nærleiken av topp 3 også i år. I heldigaste fall kan altså Gneist ha to (!) lag "på pallen" for gutar i 2014.

- Gutane sitt 3. lag er også "elitelag" i 2014 etter opprykket i fjor. I 2014 har altså Gneist heile 3 lag i Elitedivisjonen, noko som er temmeleg sjeldan. Det er såpass sjeldan at det ikkje er underleg at 3. laget ligg an til nedrykk dette året.

- Gutane sitt 4. lag oppnådde også opprykk i fjor, frå 2. divisjon til 1. divisjon, men her er det håp om at dei nyopprykka klarer å halda på plassen i 1. divisjon, slik at Gneist også i 2014 vil ha alle sine 4 lag på dei to øvste trinna (av fire) i gutane sin lagserie.

Så til jentene:

- Jentene sitt 1. lag har hatt tette kampar mot Norna-Salhus og Bergens Turnforening dei siste åra, i fjor enda det heilt i toppen for Gneist-jentene. Her er det truleg veldig tett også i år. 1. laget er omtrent på same poengnivå som i fjor, men her må me leva i spenning til lista er klar i desember. Godt med spenning også, naturlegvis.

- Jentene sitt 2. lag rykka opp til Elitedivisjonen i fjor, slik at det var 2 elitelag på jentesida (i tillegg til dei 3 på gutesida dette året). Også her er det litt spenning, men det er sannsynleg at 2. laget klarer å halda på plassen i Eliten - og dermed vil halvparten av laga til Gneist - gutar og jenter samla - vera på elitenivået i 2015.

- Jentene sitt 3. lag hamna like under midten i 1. divisjon i 2014 og ligg an til å kopiera posisjonen, slik nokolunde, i år.

- Jentene sitt 4. lag var på si side middelhavsfarar i 2. divisjon i fjoråret, og vil - på same viset som 3. laget - vera heilt i nærleiken, kanskje litt over, den posisjonen i år.

** Alt i alt kjem lagserie-resultata, når dei er offisielle i løpet av tidleg desember, til å visa at Gneist framleis er toppklubb for gutar og jenter i Hordaland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar