onsdag 29. oktober 2014

Alle Tider - Gutar 18: Amund rett inn i norgestoppen

2014 har vore eit svært år for Amund Høie Sjursen. Han har representert landslaget på junior- og seniornivå. Han markerer seg også heilt i toppen i Alle tider-statistikken for gutar 18.

* På 100 meter er han nr. 2 med sine 10,45. Aham Okeke står med 10,40. Tida til Amund er likevel ny norsk aldersrekord, sidan Okeke var nigeriansk statsborgar. Den gamle aldersrekorden tilhøyrde Jonas Halonen frå Tyrving og var på 10,64. (Carl Fredrik Bunæs frå Tjalve hadde 10,4 manuelt frå 1957). Tida til Amund er naturlegvis då også solid ny krestsaldersrekord, den gamle var på 10,89.

* I lengde er han også nr. 2 med sine 7,60. Her er det husnesingen Gøran Moen som har G18-rekorden - og den norske juniorrekorden - med 7,75, sett i Budapest i 1989.

* nr. 11 på 200 meter, som Amund så langt har sprunge etter måten sjeldan, med 21,82. Men Amund sette kretsaldersrekord. Den gamle hadde Erlend Sæterstøl med 22,04, frå 1993.

* nr. 18 på 60 meter med utetida 7,08, men nr. 1 med innetida 6,88 - likt med Fernando Ramirez. Nemnde Erlend Sæterstøl har 7,03 (ute).

* nr. 45 i høgde med 2,02.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar