I aldersbestemt samanheng så er det to årsklassar som blir til éin - det er 18- og 19-åringane som har fellesklasse i 18/19 - som ein slags mjuk overgang til at det er heilt (med eit unntak eller to) slutt på at alder er viktig.
Når det gjeld Alle tider-statistikken, så stoppar den ved 18-åringane og inkluderer altså ikkje 19-åringane. Dette har med historiske forhold å gjera og når ein blei junior og senior og slikt i gamle dagar. 19-åringane må såleis markera seg i senior-statistikkane, til dømes - og det får me eventuelt koma tilbake til.
No gjeld det jentene på 18 år - og dermed konkret for dette året Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen.
Monika Benserud
- nr. 9 i tresteg med 12,25
- nr. 19 i lengde med 5,88
- nr. 48 på 60 meter med utetida på 7,93. Med innetida på 7,79 er ho nr. 21 (på 60 meter blir inne- og utetider slegne saman på denne statistikken)
- nr. 59 på 100 meter med 12,40
- nr. 82 på 200 meter med 25,67
Vilde Lund Bjørnsen
- nr. 26 på 400 meter med 56,43
- nr. 34 på 200 meter med 25,14
- nr. 85 på 100 meter med 12,51
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar