tirsdag 14. oktober 2014

NM/UM i terrengløp på Stend

Lørdag førstkomande blir det arrangert NM/UM i terrengløp på Stend/Stavollen. Dessverre er ikkje løypa heilt som planlagt, då det føregår omfattande gravearbeid på det som var KM-traseen tilbake i mars månad. Så her har ein måtta improvisera. Deltakartalet er ikkje så godt som det burde vera. Det har med fleire ting å gjera, mellom at austlendingane har sikra seg eigne, populære løp i direkte konkurranse med NM-arrangementet: NM skulle eigentleg ha vore arrangert sist lørdag, 11. oktober, men då var like så godt Furumomila sett opp samtidig. Begge arrangementa er kvalifiserande til internasjonale terreng-oppgåver seinare i haust. Komande lørdag kolliderer NM med Hytteplanmila. Her er det truleg med fleire gode løparar som normalt skulle og burde ha sprunge NM.

Det er ikkje lett å forstå seg på, så eg let heller forsøket vera.

Her er ei enkel vurdering av klassane:

Jenter 15 (4 km)
Her er Ingvild Myking (Bjarg) stor favoritt på heimebane. Bak henne blir Helene Vikingstad (Sola) og Maria Wiig (Stavanger) rangert. 7 påmelde.

Jenter 16 (4 km)
Here er det berre 2 (!) deltakarar på startlista, og Renate Lie - med ei rekkje KM-gull i terrengløp på merittlista i aldersbestemte klassar, er favoritt, framfor Ingeborg Skarstad (Trones).

Jenter 17 (4 km)
Her er det 7 påmelde i klassen. Christina Ellefsen Hopland (Varegg) er relativt klar favoritt, framfor Clara Sagnes Wågan (Namsen), medan Thyra Hevrøy og Ingrid Næss Johansen er våre lokale deltakarar. Thyra vann bronse i tilsvarande meisterskap i J16 i fjor, og kan gjera det igjen. Eg er usikker på om Anette Skar Binfield (Vidar) kan blanda seg inn i medaljekampen.

Kvinner junior (4 km)
I kvinnene sin juniorklasse er det 9 påmelde utøvarar. Her er dei tre beste frå sist helgs Furumomila på ny favorittar: Heidi Mårtensson (Modum), Elisabeth Angell Bergh (Haugesund) og Live Solheimdal (Steinkjer).

Kvinner senior (6 km)
13 påmelde er det i seniorklassen - og det blir ingen imponert av. IL Gular er tungt inne, med akkurat over halvparten (!) av dei på startlista. Av dei lokale kjem me ikkje utanom evigunge Kirsten Marathon Melkevik (Gular), men også Ingeborg Kristine Lind (Gular), Eli Anne Dvergsdal (Gular) og Rebecca Hilland (Bergen Løepklubb) blir spennnande å følgja. EM-farar på 10.000 meter, Runa Skrove Falch (Steinkjer) og Marthe Katrine Myhre (Vidar) er solide medaljekandidatar frå "utlandet".

Gutar 15 (4 km)
Det er 6 deltakarar på lista i G15, og Simen Halle Haugen (Runar) er einaste ikkje-vestlending - og favoritt. Bak han synsar me oss fram til Joachim Losnedal Tonning (Varegg) og Vetle Bergsvik Thorn (Norna-Salhus).

Gutar 16 (4 km)
Både i G16 og G17 er det fleire av dei heilt openbare favorittane som har flytta seg over i juniorklassen, men aldri så gale... Det skulle innebera at Henrik Irgens Gravdal skulle vera klar for eit nytt UM-gull. Bak der stiller Oliver Andersen Vedvik (Tønsberg) og Sigve Kolderup (Moss). Også Andreas Jensen (Kalandseid) er på startlista.

Gutar 17 (4 km)
Brørne Tore og Magnus Dybdahl (Vidar) er mellom dei som kan "dansa på bordet" i G17 når eit par av dei største kanonene i staden er å finna i juniorklassen. Tore er favoritten, medan Magnus, saman med Ådne Karlsen Bekkestad (Sturla) er medaljekandidatar, men det er i høg grad også vår eigen Jens Larsen Åstveit.

Menn junior (6 km)
I menn junior er det heile 26 påmelde - og det er fint. Det er i tillegg svært mange sterke namn, ikkje minst av ovanfornemnde grunnar; sterke utøvarar i dei yngre UM-klassane har i staden meldt seg opp i NM-klassen menn junior. Ja, her er såpass mange sterke namn at det er vanskeleg å plukka ut tre medaljekandidatar, men Kristian Tjørnhom (Kristiansand), Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) og Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve) er i alle fall eit forsøk, men Sigurd Ruud Skjeseth (Orion), Stian Bekkevoll (Kristiansand), Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve) og Albert Sperstad (Tyrving) fortener også å bli nemnde. Motbakke-kronprins Stian Øvergaard Aarvik, Stian Norheim og Ole Martin Røssland er på startlista, det same er Steffen Algrøy Boga (Kalandseid). Størst spenning er det til Stian Aarvik og korleis han kan blanda seg inn i juniorklassen. I fjor vann han G16 (4 km) i tilsvarande meisterskap. Eg har naturlegvis heller ikkje gløymt Jørgen Tvedt og Gustav Iden frå Norna-Salhus eller Lars-ane Lars Jonassen Føyen og Lars Lunde frå Stord mellom dei mange sterke namna på lista.

Menn senior (10 km)
Heldigvis finst det interessante namn også i seniorklassen for menn, mellom dei 36 påmelde. Sondre Nordstad Moen (Vidar), Ørjan Grønnevig (Stavanger) og Marius Vedvik (Gular) er sterke milslukar-namn. Også Bjørnar Sandnes Lillefosse (Gular) og klatrar Johan Bugge (Eidsvåg) har vist solid form i år. Midt i dette laget stiller Espen Roll Karlsen og Trondheims-farar Erlend Gjerdevik Sørtveit.

... Og kva seier vermeldinga før løpa på dei tunge bakkane på Stavollen? Joda, flott og småkjøleg haustver fram til slik om lag lørdag klokka 12. Då skal det ta til å hølja ned. Løpsstart: 12.15 lørdag. Me får satsa på eit par timars utsetting av dusjinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar