fredag 24. oktober 2014

Alle Tider - 17-åringane

Henrik Almenningen har hatt jamleg flott framgang dei siste par sesongane, ikkje minst i tresteg, der han har plukka med seg fleire medaljar i ungdomsmeisterskapa også. Persen er i løpet av 2014-sesongen flytta heilt til 13,60, noko som plasserer han på 85. plass for gutar 17 i Alle tider-statistikken på landsplan.

jentesida for 17-åringar er det ein kvartett som har funne seg markeringar i den same norgesstatistikken (ikkje minst i hinderøvingar):

Thyra Hevrøy
* nr. 8 på 1500 meter hinder (5:19,76)

Ingrid Næss Johansen
* nr. 15 på 1500 meter hinder (5:53,35)

Eline Myking
* nr. 12 på 2000 meter hinder (7:18,92)

Anna Serine Røssland
* nr. 1 og aldersrekord på 1500 meter hinder (4:57,97). Her hadde Aurora Dybedokken frå Tyrving den gamle rekorden, på 5:01,33, sett i 2012.
* nr. 2 på 3000 meter hinder (10:42,56). Tida er ny kretsaldersrekord, 1 minutt og sju sekund betre enn den gamle.
* nr. 45 på 3000 meter (10:03,22)
* nr. 95 på 1500 meter (4:40,32)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar