onsdag 22. oktober 2014

Alle Tider - Jenter 16

1998-jentene (og for så vidt gutane, men dei står for tur) kom i 2014 til 16 års-klassen. På Alle tider-statistikken så har eg notert meg to utøvarar i denne klassen, Renate Lie og Maren Haugen Lillefosse - den siste med eit sterkt come back denne sesongen.

Renate Lie
- nr. 33 på 600 meter (1:38,4)
- nr. 36 på 400 meter (58,11)

Maren Haugen Lillefosse
- nr. 27 på 100 meter hekk (14,67)
- nr. 65 i lengde (5,56). I ein del øvingar - til dømes sprint og hopp - er det uhyre tett mellom dei som er inne på den historiske oversikten. Ein 65. plass fortel svært lite. 5,56 på Maren er nøyaktig same lengda som Nadia Akpana Assa hadde som 16-åring. Og det er same Nadia som vann sølv i lengde i junior-VM i Eugene denne sommaren.
- nr. 82 på 80 meter hekk (12,19)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar