tirsdag 14. oktober 2014

1000

DETTE er innlegg nr. 1000 på denne bloggen, sidan eg starta 2. desember i 2010. 

Det var ein viktig motivasjonsfaktor då bloggen så smått blei gjenoppteken i september, etter fire månader i dvale – det å kunna nå 1000 innlegg. Og no er det altså gjort.

Mi største oppleving som friidrettsentusiast fekk eg i juli i år, då bloggen var i pausemodus.

Då fekk eg vera med på junior-VM i sjølvaste Eugene, Oregeon, USA.

Eg fekk sjå Anna Serine springa med norsk landslagsdrakt, saman med dei beste junior-hinderløparane i verda.

Eg fekk sjå Ole Martin vera akkreditert som ein av dei yngste personlege trenarane i meisterskapet.

Eg fekk oppleva flotte «Historic Hayward Field» og ei heidundrande stemning, skapt av entusiastiske utøvarar frå om lag 200 land.

Det var varmt og fint ver der borte, noko som gjorde det lettare å leva med meldingar og bilete frå gamlelandet, med 30-35 grader og stille fjordar heile tida.

Vel, trass i bloggpausen: no er Eugene nemnt også på denne bloggen.

1000 er nådd.

Ingen veit kor vegen går vidare. Som han sa, han svensken som var 100 år og som klatra ut gjennom eit vindauge og forsvann: Det som skjer, det skjer.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar