tirsdag 21. oktober 2014

Alle Tider - Jenter 15

Sanne Myrmel hadde ein fin debutsesong som junior. Med 2,86 i stavsprang plasserer ho seg på 19. plass i den historiske norgesstatistikken for 15-åringar.

Elles er det Ingvild Myking sine prestasjonar som skil seg ut mellom 15-åringane. Ingvild sprang alt i 2014 ein fantastisk 2000 meter i Gøteborg. Under årets arrangement av Världsungdomsspelen blei tida endå betre - ned til 6:24,49. Dette er nest beste tida av ein 15-åring gjennom tidene i Norge. Den tredje beste 15-åringen gjennom tidene er forresten Karoline Bjerkeli Grøvdal, som står med 6:28,97 - verdt å ta med seg det og. Ingvild sette solid ny kretsaldersrekord. Frida Berge hadde her den gamle på 6:40,61, sett i 2009.

Også på 3000 meter blei det kretsaldersrekord for Ingvild. Og her var den gamle heilt tilbake frå då underteikna som 11-åring fekk sitt første gule kort som midtstoppar i Trio, 1978. (Det skjedde i Ølen og dommaren hadde gløymt korta, måtte berre fortelja meg at eg hadde fått gult kort, altså, men dette er naturlegvis ein diger digresjon.) Ingvild sprang på 10:07,77 - som er 13. best i landet. Den gamle kretsaldersrekorden var det Gneist og Ingrid Sandvoll som hadde, med 10:08,84

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar