torsdag 9. oktober 2014

Best i mest

Vår eminente hekkeløpar (med meir) i J14, Anna Evensen, skal denne hausten også bli vår eiga tv-stjerne.

Frå førstkomande lørdag, 11. oktober, er ho med i tv-serien Best i mest på NRK Super. Sendetidspunkt er 18.35.

Deretter skal serien gå dei sju påfølgjande lørdagane, fram mot advent, på same tidspunkt.

Har ein ikkje høve til å følgja på gammaldags lineært tv, så vil programma finnast tilgjengeleg på nrk.no - etter at kvart av programma er vist på tv - på denne lenka.

Heia Anna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar