torsdag 30. oktober 2014

BFG utan B, F og G - eller: Gneist og Vinterkarusellen

I januar 1987 bestemte Bjarg, Fana og Gneist seg for at dei skulle samarbeida om friidrett i organisert form. Det gjorde dei med eit håp om betre ressursutnytting for junior- og seniorutøvarane i dei tre klubbane samla. Valet av organisasjonsform blei å oppretta den såkalla «paraplyklubben» BFG Fana. BFG stod for dei tre stiftingsklubbane Bjarg, Fana og Gneist. «Fana» var både knytt til «Fana Stadion» og den bydelen alle dei tre klubbane sokna til, Fana. (Dette var nokre år før Ytrebygda bydel blei oppretta.)

Så gjekk no åra, BFG Fana fekk nokre gode år og ein del ikkje så gode år.

I tillegg til utøvarar med basis i Bjarg, Fana og Gneist kom det ein sjeldan gong ein utøvar utanfrå, men studentar har stort sett alltid hamna i Gular – både tidlegare og no.

Så har det kome til ei veterangruppe i BFG. Desse har hatt det kjekt, på kvar sine treningar – for menn og kvinner – og har hatt som sitt store mål å delta i Holmenkollstafetten kvart år, i tillegg til lokale stafettar. Veterangruppa har gjort god dugnadsinnsats i BFG og stort sett ikkje stilt krav om noko som helst.

Med utgangspunkt i Fana Stadion har det vore ei ivrig gruppe som har arrangert «Maratonkarusellen» ein del år no. I 2006 blei denne «uorganiserte gruppa», som dei kalla seg sjølv, knytt til BFG Fana. Maratongjengen fekk to store fordelar av det: Dei fekk nytta klubbhuset til BFG i samband med arrangementa sine og dei fekk vera knytt til ein organisert friidrettsklubb. Det siste er viktig for alle som vil arrangera løp som skal vera godkjente i offisiell fasong i (fri-)idretten.

Men så:

I 2012, då BFG Fana var blitt 25 år, melde Fana seg ut av samarbeidet. Dei meinte dei kunne klara seg best sjølve – og samarbeida direkte med andre klubbar, der det var trong for det.

I 2014 har så Bjarg og Gneist kome til same konklusjonen.

Hausten 2014 er ein altså i den situasjonen at BFG (som skifta etternamn til «Bergen» i samband med at Fana trekte seg ut) har mista både B-en, F-en og G-en. BFG utan B, F og G er som… ja, som ingenting.

Men i banesamanheng har likevel ein god del utøvarar konkurrert for BFG i 2014. 80 prosent av desse utøvarane soknar til IL Gneist. Det var såleis ikkje til å undra seg over at Gneist, då dei trekte seg ut av samarbeidet, samtidig sa at klubben kunne ta på seg ansvaret for utøvarar, trenarar og sportsleg satsing – også i eit samarbeid med Bjarg (og for så vidt med Kalandseid, som kom inn i samarbeidet i 2013, med ei smålåten gruppe).

Inntektene i BFG har blitt brukt til sportsleg satsing – på utøvarar, trenarar og reiseverksemd.

Inntektene i BFG har kome frå ein del arrangement, først og fremst Vinterkarusellen.

Gneist har påteke seg store sportslege forpliktelsar, som tidlegare har lege i BFG-samarbeidet. Difor har BFG sitt styre gått inn for ein leigeavtale for Vinterkarusellen med Gneist, slik at Gneist tar best muleg vare på dei utøvarane som BFG har ytt støtte til på så godt vis som muleg inntil nyleg.

Kvifor ikkje halda fram som før?

Jo, i stor grad har det vore snakk om dei same  utøvarane: Både Gneist og BFG har dermed brukt dyrebar frivillig innsats til å administera dei same ungdommane. Dette er ikkje lurt.

Når ein opprettar noko, tar gjerne dette «noko» til å leva sitt eige liv – på eit anna vis enn det som var meininga. Når B, F og G etter kvart er ute av BFG (frå 1. januar 2015), så har veteranane og maratonistane kome på banen og vil vidareføra BFG. Dette er det ingenting å seia på i seg sjølv. Verre er det når veteranane og maratonistane – som enten ikkje har hatt behov for pengar, ikkje har kome med krav om pengar eller har seks-sifra summar på eiga bok – kjem med krav om å halda på midlar på bekostning av dei utøvarane og trenarane som BFG fram til akkurat no har sytt godt for.

Når eit mindretal slik prøver å tilrana seg midlar og/eller posisjonar frå eit fleirtal, så snakkar ein gjerne om eit kuppforsøk.

Eit demokrati blir målt etter korleis ein tar vare på sine mindretal.

Maratonkarusellen har eit vellykka føretak, både sportsleg og økonomisk. Her er ikkje behov for hjelp og støtte på noko vis. Slik hjelp og støtte har heller ikkje vore etterspurd. Maratonkarusellen har bruk for hus og klubb, som før. Det skulle det ikkje vera grunn til å nekta dei, om dei skikkar seg vel.

Veteranane har klart seg 100 prosent sjølve. Dei har vore drivande dugande til å stilla på dugnad (…), utan å krevja motytingar. Som ein gest i samband med at Gneist skulle overta som teknisk arrangør av Vinterkarusellen fekk veteranane tilbod om å få 10.000 kroner som kompensasjon for å gjera den dugnadsinnsatsen ein har gjort gratis i alle år. Ein takka i staden nei til både pengane og til å stilla på dugnad, no når det er Gneist som arrangerer og ikkje BFG, sjølv om inntektene blir brukt på nøyaktig det same som tidlegare. Eg er litt usikker på om alle veteranane har fått med seg at dei har sagt nei til femsifra sum med pengar, men det er ei anna sak.

**

Etter at Fana gjekk ut av BFG i 2012 har det blitt tydelegare at BFG er blitt meir og meir ein bremsekloss for samarbeid, snarare enn ein katalysator for det. Samtidig er det blitt utvikla eit godt idrettssamarbeid i foreninga «Idrett Bergen sør», der Bjarg, Fana, Gneist, Smørås og Kalandseid deltar. Her er det grobotn for eit godt, direkte samarbeid mellom klubbane, utan at dette er organisert i ein ekstra klubb utanom – med alt det inneber av ekstra administrering og akkedering.

Og då må veteranar og mosjonistar, med jamt over velfødde lommebøker og eigen mosjonering som drivkraft, kutta ut meiningslaus krangling om å ta av kaka som er tiltenkt barn, ungdom, studentar og andre unge vaksne.

For det er frivillig innsats for barn og unge det handlar om.


Mandag 3. november startar Vinterkarusellen med Gneist som teknisk arrangør. Det borgar for kvalitet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar