torsdag 16. oktober 2014

Alle Tider - Gutar 13: Ein sterk årgang

2001-gutane hadde mykje å fara med også før 2014-sesongen. Denne sesongen kom endå eit medlem til i denne sterke gjengen. Det viser også igjen på den historiske "Alle tider"-statistikken. Lyntoget Andreas Haara Bakketun har kome som ei kanonkule, mellom anna ved å slå Kristoffer Blücher sin kretsaldersrekord på 100 meter (med 8 hundredelar)  I tillegg er det frå før særs sterke utøvarar i Pål Haugen Lillefosse, Håvard Rinde, André Seliussen og Hans-Magnus Haukøy frå 2001-årgangen.

Her er plasseringar i Alle tider-statistikken etter 2014-sesongen, høgst uoffsielt:

Andreas Haara Bakketun
- nr. 2 på 100 meter (12,23). Dette er altså også kretsaldersrekord.
- nr. 8 på 200 meter (25,09). (Her er det framleis Kristoffer som har kretsaldersrekorden på 24,92.)
- nr. 30 på 60 meter (7,83)

Hans-Magnus Haukøy
- nr. 76 på 1500 meter (4:36,36)

Pål Haugen Lillefosse
- nr. 1 på 60 meter hekk (8,92): klar ny aldersrekord, den gamle hadde Sondre Rinde på 9,31.
- nr 1 i stav (4,06): klar ny aldersrekord, den gamle var på 3,75. Eirik Greibrokk Dolve hadde elles 3,30 som 13-åring.
- nr. 4 på 200 meter hekk (29,19): kretsaldersrekord - den gamle hadde Markus Loftås frå Osterøy frå 2007.
- nr. 5 på 100 meter (12,31) - tangering av den gamle kretsaldersrekorden.
- nr. 9 på 200 meter (25,18)
- nr. 46 i lengde (5,49)
- nr. 47 i tresteg (11,05)
- nr. 64 på 60 meter (7,93)
- nr. 96 i høgde (1,62)

Håvard Rinde
- nr. 7 i spyd (47,06)
- nr. 9 på 60 meter hekk (9,42)
- nr. 20 på 200 meter hekk (30,49)
- nr. 61 i tresteg (10,93)

André Seliussen
** Sprang på 9:48,82 på 3000 meter.  Her finst det ingen offisiell historikk for 13-åringar på distansen, men André slo i alle fall Henrik Irgens Gravdal sin klubbrekord i Gneist for 13-åringar med fem sekund - det seier sitt det også.



Alle Tider - Gutar 13: Gjerts gjennombrot

13-åringane er dei yngste som finst på Alle Tiders-statistikkane - i alle fall dei offisielle. Det er altså Anna Evensen og Silje Stenersen sine aller første markeringar i denne oversikten, det dei oppnådde for 2013-sesongen. For gutane er det Gjert Høie Sjursensom susar inn på dei historiske listene - med heile seks markeringar.

Det er sagt ein god del om Gjert sin 2013-sesong tidlegare. Gjert har i fleire år vist at han er Gneist sin store kastar. I ein klubb der store kastarar er sjeldne og mangelvare, så har han vist svært så lovande taktar sidan han kasta sin første, vesle ball for fleire år sidan. 

Den styrken har Gjert framleis, men i 2013 har han også følgt i broder Amund sine sko og prestert både i hopp og i sprint. Og det er i sprintøvingar og i kast Gjert no er inne på Alle Tider-statistikken, slik:

107. plass - 200 meter: 26,81
94. plass - 100 meter: 12,92
86. plass - kule: 13,62
76. plass - 60 meter hekk: 10,27
13. plass - slegge: 39,44
12. plass - diskos: 40,65

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar