tirsdag 21. oktober 2014

Alle Tider - Gutar 15: Kristoffer sine noteringar

Det finst kanskje dei der ute som lurer på kvifor det blir skrive "Alle Tider" i tittelen, som om det var engelsk eller kan henda tysk alt dette gjekk i. Til det kan eg seia: Det er mitt umotiverte bidrag til den generelle språk- og rettskrivingsforvirringa her i landet. Og så er det tradisjon: Då eg tok til å skriva om denne statistikken for eit par år sidan, så tok eg også - igjen: heilt umotivert - til å skriva "Alle Tider", i alle fall i titlane. Og har ein først teke til å gjera ein feil, så får ein sjå til å følgja den opp.

I dette innlegget handlar det om eit blikk på statistikken for 15-årsgutane gjennom alle tider på landsplan. Og for 2014 gjeld det at det handlar om gutane som blei fødde i det på mange måtar oppskrytte og oppskræmte året 1999.

Og i vår samanheng handlar det endå meir konkret om Kristoffer Blücher sine noteringar etter 2014-sesongen:

* Nr. 2 på 300 meter hekk med 39,76. Karsten Warholm har her aldersrekorden på 39,34, medan Kristoffer sette kretsaldersrekord. Den gamle hadde ostringen Markus Loftås med 40,39 (frå 2009).

* Nr. 3 på 600 meter med 1:24,83. Også her blei det kretsaldersrekord for Kristoffer. På 600 meter slo han medGneist-ar Håvard Hasås sin segnomsuste rekord på 1:24,99 frå Stordleikane i 2002.

* Nr. 4 på 300 meter med 37,06.

* Nr. 8 på 100 meter hekk (84cm) med 14,54.

* Nr. 12 på 200 meter med 23,21.

* Nr. 13 på 100 meter med 11,41.

* Nr. 13 på 400 meter med 52,18.

* NR. 24 på 60 meter med 7,41.

Heilt uoffisielt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar