torsdag 2. oktober 2014

Fin ekstra avslutning

Ei veke etter sjølvaste "Avslutningsstemnet" var det avslutningsstemne på Fana Stadion - i regi av Norna-Salhus. Dette var siste Norna-karusell for 2014.

Den føregjekk i eit kraftig regnver, men i brukande vindforhold. Det sist gav seg utslag i ein del gode tider, spesielt på pittelitt lengre løp enn dei heilt korte. Det første innebar avlyst stav-konkurranse.

Espen Roll Karlsen har hatt ein flott sesong, krona med kvalifiseringskrav til og deltaking i hovud-NM. Onsdag blei det ny milepæl, då Espen for første gongen kom seg under 2 blank på 800 meter. Tida blei 1:59,53. Gamlepersen hans var på 2:00,75, frå august i fjor.

Vegard Albrigtsen er ein annan som har hatt ein strålande 2014-sesong. Onsdagskvelden var det blitt lettare i veret då han knuste persen sin på 1500 meter og sprang i mål på 4:25,85. Han hadde 4:34 inne og 4:35 ute frå tidlegare.

Malin Marie Rosvoll Olsen persa på 200 meter, til 28,21. Ho hadde 28,48 i godkjent vind frå Framolekene i år, medan ho var godt nede på 27-talet under Bergenslekene - i forrykande vind på Leikvang - nyleg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar