onsdag 14. september 2011

Trondheim

Trondheim har hatt ei sentral rolle i meisterskapsfloraen i norsk friidrett i år. Ja, byen har innkapsla sesongen med eit par innandørsmeisterskap i nyhallen på Ranheim tidleg og no UM/NM i mangekamp sist helg og UM/NM i terrengløp (lang løype) komande helg.

Resultatlistene frå mangekamp-meisterskapet har ikkje nådd meg på offisielt vis enno, sjølv om me registrerer flott sølvmedalje til Marianne Benserud (J16).

Komande helg reiser ein ny mini-tropp frå Gneist oppover til bartebyen. Stian Norheim (G15) og Ole Martin Røssland (G16) spring i eit fellesheat på sin 4km, der også 17-åringane får stilla opp i eit stort heat.

15-årsklassen har 20 deltakarar og Stian vil normalt vera i øvste sjiktet her, om enn ikkje heilt i toppen. Mellom favorittane finst Markus Harbo frå Skjalg, Jonas Gjesdal frå Varegg, Gustav Iden frå Norna-Salhus og Kristoffer By Vollset frå Klæbu. I tillegg er Rasmus Vonen frå Varegg i god haustform. Tar me med brørne Mæland frå Stord, så har me vel nemnt dei fleste utfordrarane. Stian leverte nyleg ein sterk 5000 meter og han er eit klart sterkare kort på ein 4km enn på kortare (terreng-)løp. Så får me håpa at ikkje helgas sjukdom har sett han tilbake.

Også Ole Martin er sterkare på 4km enn på 2km, som ungdommane sprang i kortløype-versjonen på Geithus i april. I fjor fekk han ein 4. plass på distansen på Lillehammer. Sjansane på papiret bør vera minst like store i år til ei god plassering. Berre Magnus Hannevig Pettersen frå Sturla, kortløype-vinnaren, er klar favoritt. Bak der er det fleire om beinet; Ole Petter Fjeld frå Tønsberg, Tomas Renå frå Hommelvik, Ådne Lund frå Verdal og Jørgen Tvedt frå Norna-Salhus, saman med Ole Martin. Totalt 13 utøvarar er påmeldt i klassen.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) kom  heim frå Lillehammer i fjor med bronsemedalje i tilsvarande meisterskap. Då var det i G17, no deltar han i G18/19, som har 19 utøvarar på startstrek. Sander Sekkingstad Terum frå Aurland, Sindre Løchting frå Orion, Ferdinand Kvan Edman frå Sturla, Harald Kårbø frå Stord, Adam Ahmad Muktar frå Sandnes og Filip Ingebrigtsen frå Sandnes er berre nokre av dei sterke konkurrentane Jørgen her har. Men dette er både ein type løp og ein type distanse som passar Jørgen - og han forsøker alltid i meisterskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar