fredag 23. september 2011

Tøffingar

Ok, då er siste meteren sprungen for i år - og siste orda skal her seiast om sjølvaste Bedriftskarusellen. Like før start ved Tveitevatnet torsdag kveld kom det eit skybrot som gjorde at me kjende at me var mellom dei tøffaste idrettsutøvarane i byen. Rettnok var det nesten blitt opphald til starten, men dei dammane me måtte springa tvers gjennom, då, nei, dei skulle ein ha kjent gjennom joggeskoa og sokkane for å kunna forstå!

Ti løp er over - frå april til september, med heilt nødvendig sommarfri i to og ein halv månad. No blir det å liggja på sofaen i sju månader, til 2012-sesongen startar med terrengløpet på Storetveit-markane.

Jostein Lie og underteikna gjennomførte alle løpa for første gong, eg har vore nærmast tidlegare - med ni av ti løp i 2009. Jostein tok ein imponerande 3. plass samanlagt og avslutta med å slå både samanlagtvinnar og -toar i siste enkeltløpet. Så får me sjå om formen også kan brukast opp Stoltzen lørdag. Eg hamna - på trygg avstand - på plassen bak, den 4. Til saman 12 menn gjennomførte alle ti løpa.

Ingrid Næss Johansen vann alle ti løpa i dameklassen. Neste år vil me vel tru at det blir vanskeleg å kombinera bedriftskarusell-deltaking heile sesongen med tyngre satsing på baneløp for Ingrid.

Pappa Tom Roger sin reportasje i Kondis er beste beviset på overskrifta idag - Tøffingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar