onsdag 7. september 2011

Den kontinuerlege anger (Bedriftskarusellen)

Kvar gong står eg der, på startstreken, ulike stader rundt om i Bergen by, og så tenker eg: "Kvifor er eg her? Kvifor er eg ikkje heilt andre stader? Kva er no så gale med ein kopp (ok då, to-tre koppar) kaffi, eit par sjokoladebitar (ok då, ei halv plate) og noko fullstendig uviktig på tv-skjermen? Eg meiner, sånn eigentleg?

Likevel er eg der, på startstreken i Hordaland Bedriftsidrettskrets sin løpskarusell. No er sju løp unnagjort. Det begynte så bra, kroppen verka i alle fall slik nokolunde. Men no merkar eg at kroppen er som min gamle Caravelle; den verkar heilt flott til tider og så stoppar den heilt uforklarleg til andre tider.

I morgon kveld, torsdag, er det løp nr. 8. Det går føre seg i Isdalen, skuggane sin del. Eg kjem ikkje til å skjøna det, men eg er der nok likevel, på startstreken.

Og eg er ikkje åleine: Heile 20 personar har gjennomført alle sju løpa så langt i karusellen: 5 kvinner og 15 menn. Aller best er min kollega frå Universitetet i Bergen, Ronny A. Bertelsen. Han har 1 minutt og 4 sekund å gå på til Morten Vestvik frå Eiendomskreditt. På tredjeplass kjem den yngste arbeidaren, frå Gneist A/S, Ingrid Næss Johansen. Ho er følgjeleg også beste kvinne. Avstanden oppover er stor, men ho har ikkje ukjende Jostein Lie (Statoil/Gneist) hakk i hæl, seks sekund bak.  Deretter kjem Bloggaren, gode to minutt bak der igjen, på ein respektabel 5. plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar