torsdag 15. september 2011

Ein spydspiss for eit skikkeleg miljø

Eg må vedgå det: Eg måtte berre forsikra meg om at den stemte, tida til Silje Stenersen (J11) på 1500 meter. Ho debuterte altså på distansen under Norna-karusellen i går kveld - og sprang på fantastiske 5:06,17. Det er første noterte tid i J11-klassen på distansen og følgjeleg klubbrekord. Ein får ikkje tyrvingpoeng på 1500 meter før som 12-åringar, men i J12 ville tida gitt 1052 poeng, så me kan berre gleda oss til framhaldet.

Silje sitt fantomløp viser også noko anna: Me har no fått ein flott-gjeng med mellom- (og i alle fall etter kvart) langdistansejenter, med høg kvalitet. Silje på 11 er med dette spydspissen for ein gjeng, som også tel Vilde Omholt, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland, Renate Lie, Maria Tyssebotn Berg og Nora Øvergaard Aarvik (og innimellom fotballjenta Ingrid Helene Nyhus). Det er ganske kort tid sidan Gneist ikkje kunna skilta med nokon jenter på mellom- og langdistanse, no er det altså ein heil bukett - og dei er etter måten flinke! Aldersspennet fortel også tydeleg at dette er eit Gneist-miljø, ikkje eit BFG-miljø - som det er opp til Gneist å ta vare på, naturlegvis i samarbeid med BFG.

Elles noterer me oss:

- Ein flott 1500 meter på Henrik Irgens Gravdal (G13), faktisk berre hans andre. Den første var då han vann sjølvaste Tyrvinglekene i juni. I går flytta han persen ned til 4:33,29, som gir heile 1032 poeng.

- Endeleg fekk Jørgen Jensen Axelsen (G18) lønn for 5000-strevet og fekk godkjent 15:48,84 (971 poeng), som er pers-betring på om lag fire sekund frå junior-NM.

Ja, Stian Norheim (G15) er kvitt sjukdom og er klar for terrengløp-UM i Trondheim søndag. I går blei det 28,46 på 200 meter og ei grei gjennomkøyring på 1500 meter.

- Sondre Rinde (G13) sprang 400 meter på 64,28.

- Aleksander Lie (G15) er i ferd med å bli ein habil lengdehoppar (etter at kast-karrieren er lagt på is): 4,86 landa han på i går kveld.

- Trym Andersen (G13) dukka opp igjen på friidrettsbanen i går, mellom anna med eit høgdehopp på 1,30.

- Endeleg noterer me oss at Jostein Lie (G45) mulegeins pussa på veteran-KM- formen, der han har fine bragder å forsvara, då han slengte diskosen 23,90.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar