tirsdag 20. september 2011

Mentalt utlada

Bloggen har hatt helgefri (langhelg, like så godt). Det har skjedd parallelt med siste friidretts-turen for året. Den gjekk til UM/NM i terrengløp, lang løype, i Trondheim. Ein kan seia mykje om Trondheim og trønderar, men det skal eg ikkje begynna med no - då blir bloggen for lang. Éin ting må likevel slåast fast: dette blei eit flott arrangement. Veret hadde dei fiksa, slik at regntunge folk frå lengre sør - både frå aust og vest - fekk tørka seg skikkeleg. Og løypa rundt og ved Kristiansten Festning var glitrande. Nokre av løparane ville kanskje hatt løypa endå tøffare, men veldig publikumsvennleg var den - og her blei det også terrengløp og ikkje, til dømes, gateløp.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) sprang i juniorklassen. Han hadde lagt opp ein fornuftig plan og følgde den til punkt og prikke. Utgangen frå start var passe tung, så her var det klokt å spara litt på kruttet. Løypa var på 2 km og Jørgen var gjennom den tre gongar. Ved passering siste gong låg han på 12. - 13. plass, men på sisterunden kom det fornuftige løpsopplegget til sin rett  og Jørgen plukka løpar etter løpar og hamna til slutt på ein sterk 6. plass. Med det er Jørgen aktuell for Nordisk meisterskap seinare i haust, men her er nålauga trongt. Berre det å vera aktuell i første forsøk, står det respekt av.

Ole Martin Røssland (G16) er også ein planleggjar, av og til synest vel folk i hans umiddelbare nærleik at det kan bli i meste laget med planlegging, men, men... Hans klasse sprang to rundar i løypa, slik at det blei 4 km, noko som godt kunne vore lengre, etter Ole Martin sitt syn. 15-, 16- og 17-åringane sprang saman i eitt heat og frå start var Ole Martin heilt i teten, saman med sterke 17-åringar som Erik Udø Pedersen (vinnaren i den klassen) og Magnus Sirnes Hjellum (toar). Som ved eit par tidlegare høve i år, så blei Ole Martin noko meir respektfull for dei eldre undervegs i løpet. Medan dette hende nytta ein kar frå Kristiansand høvet og stakk frå som beste 16-åring, medan Ole Martin sprang inn til klar sølvplass.

Stian Norheim (G15) sprang altså i same heatet som Ole Martin. Her kunne det sjå ut som om Stian hadde hakket betre oppdraging enn Ole Martin; tilsynelatande respektfull alt frå start. Sanninga var i staden at oppladninga ikkje var optimal; først sjukdom helga før og deretter litt tunge bein etter karusell-løp (200m og 1500m) onsdagen. Her kjem Stian sterkare igjen. Langløype-terreng burde normalt passa godt for han.

På veg heim att søndag var tema nr. 1 treningpause og haustferie (til varmare strok for Jørgen sin del). Det seier sitt; sesongen er aldri lang, men den er intens og den mentale utladinga er i full gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar