søndag 3. april 2011

Vårens vakraste eventyr

Jaja, det er sikkert gjævt med holmenkollstafett, men eg trur det er ei austlandsk mild overdriving å kalla det "vårens vakreste eventyr". Dei som var til stades under KM i terrengløp/Parkløpet på Vikastemmo på Leirvik, Stord, lørdag, vil nok plassera dette arrangementet særs høgt på ei slik liste.

Her var det mange flotte idrettsprestasjonar. Samtidig var ein uvanleg heldige med veret. Styggaveret, som meteorologane hadde sagt skulle koma, det kom til gagns - men først etter at siste løpar var trygt i mål. Undervegs var det ganske så fint og til og med solgløtt. Mest av alt var løypeområdet heilt ideelt for dette slaget arrangement. Rettnok var løypa etter måten lett, men den var tøff nok. Det var reale og sportsleg rettvise kampar løparane imellom. Og for både oss tilskodarar og for andre deltakarar var det flotte forhold for å studera heile løpa til alle undervegs. Det var rett og slett ein glitrande stad å arrangera parkløp. Hakket meir terreng i gammaldags tyding kunne det gjerne vore, men her er me ikkje storforlangande, all den tid ikkje arrangørane står i kø for å ta seg av KM i terrengløp. All ære til Stord for denne tilskipinga!

Beste klubb blei Varegg med 4 gull og 2 sølv, men Varegg tok gulla sine i heile aldersspennet frå Magnus Vonen i G11 til Johs. Gjesdal i MV50-54. Gneist var smålåtne, men systematiske, i år og stoppa på 3 gull, 3 sølv og 3 bronse - nest beste klubben totalt. Renate Lie og Casper Stenersen i høvesvis J13 og G13 tok sitt tredje strake - av tre mulege - kretsmesterskap i terrengløp! Aller mest imponert blei me vel kan henda likevel av det flotte løpet til Silje Stenersen i J11.

Elles: stor skryt til Tom Roger Johansen sin reportasje i Kondis!:

Kondis-reportasje frå KM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar