fredag 8. april 2011

Eksperimentet

Lørdag er det UM og NM i terrengløp på Geithus i Modum kommune, Buskerud. Gneist har fire utøvarar med. Tre av dei fire kunne i går ettermiddag lesa på friidrett.no at dei var utsett for eit eksperiment. I oppslaget om det komande meisterskapet er leiaren for hovudkomiteen, Jonny Bekken, sitert slik:

"- Vi eksperimenterer litt i år gjennom å prøve å slå sammen ungdomsklassene 15, 16 og 17 år. Det vil bli et stort og friskt felt på 70 stk, så det blir spennende, forklarer Bekken."

Ja, det får ein seia, "...stort og frisk felt..." --- "på 70 stk".

Jo da. Det er sjølvsagt ikkje berre hurrarop for eit slikt eksperiment i seg sjølv, langt mindre er det jubel over at det kjem informasjon om eksperimentet to dagar før meisterskapet går av stabelen. I intervjuet på friidrett.no framgår det at det er "vi", altså arrangøren, som eksperimenterer. Men arrangøren i Modum Friidrettsklubb fortel til bloggen at det er friidrettsforbundet som har kome med "innspill om" at det kunne vera ein god ide å gjera det på denne måten. God ide? Kvifor? For kven?

Kva skjer i praksis?  Jo, det store feltet blir delt i rekker med 15 mann i breidden på startstreken. Etter kanpt 100 meter blir løypa snevra ganske monaleg inn, "...men det går nok 3-4 mann i bredden opp bakken ikke så lenge etter starten". Jo da, det er berre å spissa olbogane.

Ser ein på tidsskjemaet til arrangementet fører denne samanslåinga av klassar/løp til eit svært straumlinjeforma opplegg - på papiret. Sjølvsagt kan våre gjera det godt og sjølvsagt kan det vera erfaring å henta når først så gale er eksperimentert, men kom ikkje her og påstå at eksperimentet er til utøvarane sitt beste. Det er det ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar