torsdag 28. april 2011

1000-klubben

Ein flott vårkveld på Lonevåg opna på mange måtar utandørssesongen 2011. Heilt til slutt på kvelden (ser ein bort frå ein stakkarsleg 4 x 100 meter stafett deretter) kom kveldens høgdepunkt: 1000-meteren.

Då fekk me oppleva at unge Casper Stenersen (G13) sprang ein glitrande 1000-meter på 2:53,64. Casper måtte melda seg opp i G14 for å få lov til å springa løpet og tida ville gitt 948 poeng som 14-åring på Tyrving-tabellen. Men kveldens fangst var først og fremst at Casper slo pappa Sigve sin 28 år gamle klubbrekord på distansen på 2:55,0. Det plasserer Casper på 20. plass på distansen gjennom alle tider i Norge, med pappa Sigve på 34. plass - og Henrik Ingebrigtsen på 36. plass... Så er det nemnt. Casper hadde bestemt seg frå første stund og leverte ein sterk og godt gjennomført kilometer på banen der han etter planen skal hausta triumfar under NCC-leikane i september.

Vilde Omholt (J16) får stadig erfaring med nye distansar, denne gongen altså 1000 meter. Det var eit litt rotete felt undervegs, men Vilde bestemte seg for å ta kommandoen for si gruppe og kom i mål på 3:30,54. Med det har Vilde fått seg endå ein klubbrekord, sidan denne var ledig i J16.

Anna Serine Røssland (J14) var tredje frå Gneist i feltet. Ho hadde ein litt tyngre dag, men fekk ei grei gjennomkøyring på 3:34.12.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar