mandag 11. april 2011

Strandebarm

Nett no assosierer eg i alle fall tre ting med den vene bygda Strandebarm i Kvam herad:

* Til neste år skal det arrangerast NM og UM i terrengløp der, den kortløype-varianten det har vore litt skriverier om i samband med årets arrangement på Geithus, no helga som var.

* Første helga i juli går Hardanger Friidrettsfestival av stabelen på den flotte banen i Strandebarm. Det arrangementet assosierer eg med sol og varme (der er faktisk ganske så vanleg) og rettvis, tøff og god kappestrid frå dei aller yngste til (super-)veteranar.

* Og no i helga var det treningsleir for 29 Gneist-utøvarar og 6 framifrå lagleiarar nett i Strandebarm. Rapporten eg har fått er utelukkande positiv - fantastisk ver fekk ein også.

Både friidrettsfestivalen og treningsleiren er uttrykk for ein type positivitet rundt idretten som er slik idretten ideelt bør vera. I botnen ligg godt miljø og miljøbygging. Under friidrettsfestivalen skjer det for den lokale friidrettsfamilien (med eitt og anna hyggeleg besøk), under treningsleiren er det Gneist-utøvarar i den rette alderen som blir utsette for det gode miljøet og den gode forståinga for sunn idrett.

Terrengløpsdiskusjonen er, sett på spissen, ein diskusjon om knuffing, unfair play og det tilfeldige mot den rettvise kappestriden. Ein kan seia mykje om KM på Stord, men dei beste løparane vann i kvar einaste øving, eg er ikkje like sikker på om så skjedde i alle løpa på Geithus.

No er terrengløpsesongen både nett begynt og alt over. Banesesongen ligg like framfor oss, berre påskeferien er unnagjort. Pittelitt småknuffing på starten i eit par 600-metrar kan ein nok få seg, men stort sett ønskjer me - og vil me få - den gode Strandebarm-kjensla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar