torsdag 13. august 2015

Før junior-NM - IV

2015 gav oss ikkje nokon dårleg sommar, berre ein forbaska treig sommar. Den kjem no, for full maskin. Omgrepet "finversfri" kjem til å koma til heider og verdighet igjen.

Både i Bergen og i Byrkjelo skal sola skina som om ho er galen (kanskje utanom litt vasking først her i Bergen?).

Her er siste runde med førehandsstoff til junior-NM:



Det var éi øving igjen på lista i U20 med gneistsk deltaking - tresteg. Her er det medalje-ekspert Henrik Almenningen som stiller, mellom totalt 9 utøvarar. Henrik er rangert som 4. mann på førehand - og dermed bør ein ikkje bli sjokkert om Henrik skulle klara det igjen. Er det ikkje bronse han kan best? Tresteg-konkurransen i Göteborg kan vera eit bra utgangspunkt. Viljar Gjerde frå Norna-Salhus og Erlend Bolstad Raa frå Fana er andre lokale medaljekandidatar, saman med lengde-spesialisten Ingar Kiplesund (Trondheim) - han med slekt i vene Kvinnherad.

Så til U23-øvingane, der det er er på mellom- og langdistanse (surprise, surprise) me finn lokale heltar:

800 meter finn me 16 mann på startlista, to frå Gneist: Anders Bjørndal og Erlend Gjerdevik Sørtveit. Erlend er komen på rett side av 2-talet på 800, men må finna seg i å vera bak i køen her, medan Anders er 8. rangert - midt i laget - førehand. Men om Anders er mindre smålåten enn under NM i Haugesund, så kan slutt-plasseringa bli eit hakk betre enn som så. Håkon Mushom (Vidar), Sindre Løchting (Tjalve) og Snorre Holtan Løken (Tjalve) har best tider i år, på førehand.

1500 meter er det totalt 17 utøvarar med, tre av dei frå Gneist. Ved sidan av 800-spesialist Håkon Mushom (Vidar) er det Tjalve-utøvarar som har best tider i år på førehand: Snorre Holtan Løken, Sindre Løchting og Erik Udø Pedersen. Anders Bjørndal (6), Erlend Gjerdevik Sørtveit (8) og Andreas Iden (9) treng ikkje, med sine utgangspunkt, på nokon måte å stå med hua i handa.

Det er såpass mange som 13 påmelde på 5000 meter. Andreas Iden er i sjiktet mellom 4 og 6 førehand, eit spennande sjikt. Det same er Erlend Gjerdevik Sørtveit. Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa) har teke til å springa mindre, ifølgje ryktene, og blitt knallgod. Det kan vera eit interessant råd å følgja... Mats Bjørgum (Strindheim) og Kristian Tjørnhom (Kristiansand) må nemnast, saman med Tjalve-løparane Erik Udø Pedersen og Snorre Holtan Løken. I praksis er det spennande å sjå om dei best rangerte stiller på alt dei er påmeldt i. Det vil seia; det gjer ganske sikkert ikkje alle - noko som igjen kan opna opp større sjansar for Gneist-utøvarane enn det papiret fortel om på førehand.

**

Gneist er også påmeldt på 1000 meter stafett i U20. 10 lag er påmeldt. Kven som stiller søndag, er det vanskeleg å spå om. Men på sitt beste kan eit Gneist-lag hevda seg temmeleg bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar