onsdag 12. august 2015

Før junior-NM - III

Det er framleis menn U20 det handlar om i dagens runde med førehandsblikk på junior-NM.



800 meter er det påmeldt 32 utøvarar, ein åttandedel - det skulle bli fire - er frå Gneist. 800 meter er ei gromøving og det er kjekt å sjå mange sterke namn på lista og at fleire av dei er gneistske. Igjen er Henrik Irgens Gravdal - som på 1500 meter - i utfordrarposisjon til medalje. Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Markus Einan (Ullensaker/Kisa) og Sigurd Blom Breivik (Ullensaker/Kisa) har best tider i år, men me gler oss ikkje minst til - endeleg?! - duell mellom Henrik og Jakob Ingebrigtsen. Henrik har 5. beste tida i år. Ein annan duell det er muleg å gle seg til, er den mellom 99-utøvarane Kristoffer Skage Nordlund (Trones) og Kristoffer Blücher, med høvesvis 7. og 11. beste tida i feltet på førehand. Jens Larsen Åstveit er rangert som nr. 15 på førehand. I tilegg er me spente på kva for form Vegard Albrigtsen har klart å finna fram mot helga.

Så til 5000 meter. I skrivande stund veit eg ikkje om vårt pr. startliste fremste kort her, Stian Øvergaard Aarvik, stiller. Det tok på å springa himmelløpet i Tromsø nyleg, men Stian i form kan bita frå seg i det 23 mann sterke feltet. Hans tid på 15:09 er på førehand den 6. beste tida. Her har junior-EM- fararane Lard Lunde (Stord) og Markus Borge Harbo (Skjalg) dei beste tidene i år, med Joakim Sødal (Kyrksæterøra) og kometen Mats Hauge frå Haugesund deretter. Med i tetgruppa høyrer naturlegvis også Sigurd Ruud Skjeseth (Orion), med 14:43 frå fjoråret. Også Stian Norheim er på startlista på 5000 meter.

Eit av dei ferskaste tilskota til vår delegasjon i Trondheim, Stian Norheim, er representanten vår på 3000 meter hinder. Her er det 13 mann på startlista, og sjølv om eg alltid har tru på Stian på hinder, så er det nok sterkare utøvarar med i feltet. Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve), som markerte seg på 2000 meter hinder i U18-VM i sommar, Lars Lunde og Ola Martin Gåsvær (Ranheim) er gode hindernamn. Me er også spente på kva Sondre Strøm (Laksevåg) kan finna på. Og så er Jakob Ingebrigtsen påmeldt også her. Det kan bli særs spennande. Broder Henrik har mange sterke hindertider bak seg.

Til sist i dag til øvinga der Amund Høie Sjursen tok sitt 2. gull i fjorårets junior-NM. Då vann Amund lengde med om lag halvmeteren framfor nr. 2. I år er det ein klar medaljetrio på førehand, i mangekjemparane Karsten Warholm (Dimna) og Toralv Opsal (Ålesund), i tillegg til hopp-spesialist Ingar Kiplesund (Trondheim), mellom dei to i rangeringa. Gneist har faktisk så mange som 3 av 11 på startlista: Gjert Høie Sjursen (6. rangert), Henrik Almenningen (8) og Sondre Rinde (9).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar