fredag 2. desember 2011

Godt nytt år!...

... eller Gratulerer med dagen...

I dag er det i alle fall eitt år sidan det aller første innlegget på denne bloggen. Den berre rett og slett begynte, utan nokon fanfare av noko slag.

Og nett som no for tida; det var stavsprang som dominerte på konkurransefronten. Det blei fortalt at Marianne Benserud hadde hoppa 2,91 i stav, at Tina Therese Jenssen klarte 2,71 (som faktisk var det same som ho oppnådde utomhus seinare), at Synne Våge Opheim var i solid framgang og kom seg over 2,51 og at både Håvard Våge Opheim og Magnus Leikvoll kvalifiserte seg for ute-UM med 2,61 (berre kort tid etter var dei begge om lag halvmeteren høgare).

Eitt år har 365 dagar. Dette er det 288. innlegget på bloggen. Det inneber at eg har bevilga meg 77 "dagar" fri. Det er er vel i meste laget om ein tenker normalferie, men det får gå.

Rekorden i tal på innlegg pr. månad er faktisk frå den smålåtne februar-månaden i år, med heile 30 i talet.

Så får me ta eitt innlegg om gongen i framhaldet...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar