tirsdag 13. desember 2011

UM-endringar

Norges Friidrettsforbund har gjort viktige justeringar i retningslinjene for inne-UM, før meisterskapet i Sandnes i mars. Éin viktig grunn til endringane er at det rett og slett blir fleire og fleire påmelde til desse meisterskapa, noko som i seg sjølv er gledeleg, naturlegvis.

Det er innført kvalifiseringskrav på to distansar til inne-UM. Tidlegare har det vore fri påmelding til alle øvingar inne. Det gjeld 200 meter og 400 meter. Eit par av dei aktuelle Gneist-deltakarane på desse øvingane er godt innanfor krava, men det er også både jenter og gutar som treng studera desse kvalifiseringsgrensene nøye. Marianne Benserud, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud er alle kvalifiserte på 200 meter, medan det ikkje er kvalifiserte jenter på 400 meter.

Så langt eg kan sjå, er ingen av Gneist-gutane kvalifiserte på 200 eller 400 meter pr. no - men her kjem mange sjansar utover vinteren.

I tillegg er det gjort eit par endringar i dagsprogrammet. Dei som spring langt, er ferdige alt lørdag: 800 meter går lørdagen, slik den har hatt for vane, medan 1500 meter går fredagen i staden for søndagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar