onsdag 30. november 2011

Mot siste Mailekene på Haugesund Stadion

Mailekene komande vår - i mai... - blir mulegeins dei siste på Haugesund Stadion. Etter planen blir noverande Haugesund Stadion ein rein fotballstadion, utan løpebanane, frå 2013. Dei som vil setja banerekordar som vil stå for all framtid må altså i så fall koma i form til mai 2012.

Det siste eg har fått med meg, er at prosessen med å få klar klart dette "dobbelt-vedtaket" - fotball og friidrett - kan bli noko forseinka, men her får me berre følgja med. Norges Fotballforbund har opphavleg sett frist for ei oppgradering av fotballstadion i Haugesund til 1. april 2013.

Det er tidlegare fatta vedtak om å byggja ny friidrettsstadion på Haraldsvang. Ombygginga av Haugesund Stadion til fotballarena - og dermed øydelegging av friidrettsdelen der - skjer ikkje før dette nye stadionet er på plass. I mellomtida er arbeidet i gang med mellom anna tomtesal i svingane på dagens Haugesund Stadion, område som blir frigjort fordi stadionet blir "forminska" - eller meir intimt, som fotballfolket kallar det. Dette tomtesalet skal vera med på å finansiera den nye friidrettsbanen, som er kostnadsrekna til 35 millionar.

Og 15. desember er det omframt årsmøte i Haugesund IL der sal av "HIL-huset" - der me gjerne er og får oss noko godt å eta og drikka under Mailekene - er tema. Sal av HIL-huset skjer fordi Haugesund IL reknar med å samla sportsleg og sosial aktivitet i den nye friidrettshallen i byen, HIL-hallen, som også ligg på Haraldsvang - like ved det nye, planlagde, stadionet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar