lørdag 17. desember 2011

Kirsten Melkevik

Så er nyhendet kome om at Kirsten Melkevik forlet BFG Fana frå 1. januar 2012. Ny klubb blir Idrottslaget Gular.

Ein kan sikkert diskutera grunnane til at Kirsten no forlet BFG og miljøet der, til fordel for "innflytttarklubben" Gular.

Det skal eg ikkje gjera her. I staden for er det tid for å hylla ein solid profil i BFG gjennom mange,mange år. Kirsten, som fyller 42 år til våren, har fleire solide prestasjonar - på bane, gate, terreng og motbakke. Seinast vann ho gull i NM i terrengløp i Trondheim no i haust.

Ho har representert Norge i store internasjonale meisterskap i maraton. Ho har hamna på plassar like under og like over 30. Ho kunne sikkert ha håpa på endå betre plasseringar, men for ei godt vaksen kvinne, som tok til med springing på høgt nivå temmeleg seint, så er dette uansett store prestasjonar.

Maraton - som også har blitt teke som mellom-namn (i engelsk versjon) - er hennar favoritt-distanse og draumen har vore å representera Norge på ny i OL i London til sommaren. Persen på maraton er 2:29.12, sett i Frankfurt i 2007.

Kirsten vaks opp i bygda Husnes i vene Sunnhordland. Det er i seg sjølv nok til å ønskja Kirsten hjarteleg lykke til i ny klubb.

Eg håpar BFG takkar Kirsten av på beste vis!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar