torsdag 8. desember 2011

Jentene sitt 4. lag: nr. 2 i 3. divisjon

Då - nokre timar før grautfesten blir ringt inn - er me i gang med gjennomgangen av laga i Lagserien i 2011.

Eg synest eg sa det så godt i fjor:

Kva er denne lagserien, sånn eigentleg?

Enkelt sagt: ein set saman, etter førehandsbestemte reglar, dei beste resultata frå klubbane i kretsen og ser kva for ein klubb som har fått flest poeng. Poenggrunnlaget er nyaste tyrvingtabell.

Seriesystemet er inndelt i seks divisjonar: ein elitedivisjon og fem divisjonar under der.

Gneist har fire jentelag og fire gutelag påmeldt i serien.

Ein utøvar kan plukka poeng for fleire lag.

Ein utøvar kan berre ha eitt resultat frå kvar øving med i serien (sjølv om ein skulle ha ti gode stavhopp, vil berre det beste telja), men elles ha med besteresultatet sitt i så mange øvingar som muleg.

Det er ingen samanheng mellom kva for lag ein har plukka poeng for i ein sesong og kva for lag ein plukkar poeng for i neste!

***

Dette skal takast sakte og roleg, så her kjem først 4. laget til jentene. 4. laget til jentene betra seg frå 4. plass i 3. divisjon i 2010 til 2. plass i 2011 - og 2. plass betyr opprykk tl 2. divisjon. Det inneber altså at Gneist har alle sine lag for jenter i 2. divisjon eller betre i 2012.


I jentene sin 3. divisjon er reglane slik:

* til saman 25 noteringar
* 12 løp/hekk/gang
* 8 hopp
* 5 kast

Desse utøvarane plukka poeng for 4. laget til jentene i 2011:

- Sara Tyssebotn Berg
- Anna Evensen
- Susanne B. Foldnes
- Amalie S. Garden
- Charlotte Harris
- Miriam Haugland
- Stine Therese Hovland
- Maren Haugen Lillefosse
- Anita Norheim
- Ingrid Helene Nyhus
- Vilde Omholt
- Synne Våge Opheim
- Maren Risøen
- Anna Serine Røssland
- Madeleine Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar