søndag 25. desember 2011

Hallstatus

Fem dagar før historiens første innomhus Gneist-stemne i Leikvanghallen, så kan det passa med ein liten statusrapport for friidrettshallane i Norge.

Trønderane er frampå i denne samanhengen, som ofte elles, og var pionerar med hallen på Ranheim. No er også hallen i Steinkjer klar. Der skal det vera NM innandørs om nokre veker.

På Vestlandet var Sandnes først ute - sjølv om hallen blei noko forseinka. Første store meisterskapet der blir UM andre helga i mars. Vestlandet har nådd trønderane solid igjen; først med Leikvanghallen, som vart offisielt opna i oktober, og no også med HIL-hallen i Haugesund. Den blir offisielt opna 31. januar. Då blir Rogaland første fylket med to innandørshallar.

Neste på planen blir Tyrving-land, dvs. Bærum og elles i Akershus. Hallen i Bærum er venta klar i 2013, som jo er berre eit år unna - om nokre dagar... Også Oslo planlegg hall. Det same gjer Tromsø (gjera om Tromsøhallen til fullverdig friidrettshall) og Bodø. Det er også sannsynleg at Sørlandet kjem på hall-kartet om nokre år, men dei ligg nok sist i løypa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar