1995-årgangen mellom gutane er faktisk monaleg utvida i 2011-sesongen. Både Anders Bjørndal og Eirik H. Karstad er komne for fullt denne sesongen.
Vel, Anders har jo sprunge i Gneist-drakt sidan han var rekrutt, slik om lag, men først i 2011 har han satsa skikkeleg på friidrett - og fått framgang deretter. Han oppnådde mellom anna 4:34,47 på 1500 meter og er også godt i gang med ny sesong i og med fine tider på 5km på Løpskarusellen.
Eirik sprang endå fortare på 1500 meter, 4:31,71, og hadde også fine løp på 400 og 800 meter. Eirik er naturlegvis "ny" i den forstand at han kom frå Os før 2011-sesongen.
Andreas Iden er godt tilbake etter Manchester-opphaldet. 2011-sesongen blei langt frå som han håpa på og sjukdomsplager sette han utanfor alle dei største meisterskapa dette året. Andreas er også heldigvis godt i gang med førebuingane til 2012.
Ole Martin Røssland har etter Gutar 16-sesongen tre markeringar inne på Alle Tider-statistikken:
- 21. plass på 5000 meter (16:02,85)
- 26. plass på 2000 meter (5:55,02)
- 28. plass på 1500 meter hinder (4:37,16)
Lørdag er det planen at Ole Martin og Andreas (saman med Stian Norheim) skal debutera på halvmaraton, sjølv om vermeldingane fortel at det blir minst halve løypa i kraftig, våt, motvind.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar