fredag 30. desember 2011

Stafett-NM/UM 2012

For første gong på ei god stund markerte IL Gneist seg i 2011 i banestafett-meisterskapet. Det skjedde i Drammen og det skjedde både som Gneist (4 x 600 meter for G15/16) og som BFG Fana (Gneist-jenter deltok både på 15/16-laget, kvinner junior- og kvinner senior-laga).

Fordi det ikkje har vore nokon sterk tradisjon for denne deltakinga, så er det endå viktigare å fokusera på meisterskapet. Den styrkte lagkjensla passar det godt å få inn tidleg i banesesongen - og Gneist kan i høg grad bidra på gode stafettlag.

For gutane er det truleg for tidleg med 4 x 100 meter-lag for 15- og 16- åringane i 2012. Den andre distansen som er knytt til UM-klassane (15/16), er 4 x 600 meter. Her deltok Aleksander Lie og Stian Norheim på laget som 15-åringar i fjor. Stian Ø. Aarvik kjem til frå 1997-kullet. Her manglar det i utgangspunktet ein fjerdemann, men erfaringa frå i fjor fortel at habile 200m-løparar, med god basis, kan vera verdifulle å ha med på eit slikt løp.

For dei eldre gutane er det vel 4 x 1500 meter i BFG-drakt det er muleg å sikta seg inn mot. Det var to Gneist-gutar på laget som tok bronse i juniorklassen i fjor. Begge desse kan vera med også i 2012 (Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland). I tillegg kjem Andreas Iden. Og både Anders Bjørndal, Eirik H. Karstad, Aleksander Lie, Magnus Pettersen LundeStian Norheim (og for så vidt også Stian Ø. Aarvik) kan vera kandidatar til eit BFG-lag, der det er habile utøvarar frå Fana IL som også kan bidra. Ja, om ein finn pengar på kistebotnen, er det plass til to (og nesten tre...) 4 x 1500-lag i menn junior!

Mellom jentene kjem det drivande gode Fana-jenter inn og kan bidra på eit nytt 4 x 100-lag (t.d. Elina Drivenes og Målfrid Pettersen Lunde), saman med våre eigne Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen. Dei to sistnemnde bidrog jo også sterkt på gull-laga til BFG i junior- (begge) og seniorklassen (Monika) i 2011.

Både 4 x 600 i 15/16-klassen og 4 x 800 i juniorklassen kan vera aktuelle distansar for jentene i 2012. Eitt minus er det at Ingrid Næss Johansen har konfirmasjonshelg same helga som det er stafett-NM. På 600 bidreg Fana uansett sterkt (Drivenes, Lunde og Eline Myking). På 4 x 800 meter er også Drivenes og Myking særs aktuelle namn, i tillegg til Ingrid Helene Nyhus, Vilde Omholt og Anna Serine Røssland.


Her må nok langtidsplanleggast skal det sendast såpass mange på tur!... (Og det må samarbeidast godt med Fana IL.) Og meisterskapet er altså plassert helga 19. - 20. mai og er no flytta frå Moss til den splitter nye og flotte friidrettsarenaen til Ullensaker/Kisa IL på Jessheim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar