lørdag 3. desember 2011

Stav og halvmaraton

Kontrastar i veret og kontrastar i idrettsøvingar på den første lørdagen i desember dette året: Godt og lunt innomhus hoppa den trufaste gjengen med stavhopparar etter måten høgt:

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra pers og klubbrekord med nye to centimeter, no til 1,83 (832 poeng).

Eirik Leikvoll (G14) har også teke til å flytta persane med aldri så lite, éin cm på han, til 2,83 (870 poeng).

Og Håvard Våge Opheim (G16) flytta seg opp til 3,13 (765 poeng).

Om lag på same tida streva to Gneist-gutar seg gjennom halvmaraton for første gongen. Dei starta kl. 12 frå Fana Stadion og om lag akkurat ved start opna himmelens sluser seg. Seinare blei det betre, men då var gutane alt gode og våte.

Og debuten gjekk strålande: Ole Martin Røssland (G17) kom på 3. plass på distansen med 1:20.36, medan Andreas Iden (G17) blei femtemann på 1:22.39. Sterke saker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar