onsdag 28. desember 2011

Arrangørane

Det kan vera kjekt å vera på friidrettsstemne. Av og til - i 2011 berre ein sjeldan gong - er det strålande ver og flott å sitja på tribunen å sjå flinke ungdommar utfalda seg. Andre gongar kan det vera surare ver, men likevel flotte prestasjonar å sjå - berre me har kledd oss godt nok. Og ungane og ungdommane kan gle seg over ein rikhaldig meny av store og små stemne.

Men stemna kjem ikkje av seg sjølv. Det er ei rekkje dugnadsgjengar rundt om som står bak dei. Ein er avhengig av dei som "alltid" er på stadion og dei som blir sett til å raka i lengdegropa - meir eller mindre på rette måten.

Ei raskt samansett liste over dei innsende resultatlistene for 2011 viser interessante ting om kven det er som er ivrigaste arrangørar i Hordaland. Dette er altså ikkje talet på arrangement, men talet på innsende lister. Nokre klubbar er flinkare enn andre til å senda inn smått og stort, andre arrangement har av ulike grunnar ikkje hamna på forbundet sine oversikter, sjølv om dei måtta vera sendt inn, men likevel:

IL Fri toppar oversikten ganske suverent. Ja, dei er flinke til å senda inn, ikkje minst fordi dei har ein viss Stein Fossen sentralt plassert. Men IL Fri er faktisk ein ganske så flittig arrangør av alt frå Arnameisterskap og Arnaløpet, til Trappeløpet og ei rekkje seriestemne. Størst utteljing gir nok likevel serien av kaststemne på Skansemyren, saman med Laksevåg. Også her er Stein Fossen ein heilt sentral mann.

Deretter følgjer Osterøy IL og Norna-Salhus. Den fantastiske innsatsen på Osterøy er rost før, Norna bør vera høgt der oppe, stor klubb, med pengar på bok, som den er. Laksevåg er overraskande høgt oppe, men seriestemne både inne og ute og god utteljing på samarbeid med IL Fri på kast forklarer dette.

Så følgjer Gneist, for så vidt hakk i hæl på Stord, og saman med vesle Trio frå vene Kvinnherad. Gneist bør absolutt vera minst der den klubben er, men at Trio, som blir driven av to-tre veteranar klarer å stabla på beina 17 arrangement (det meste "seriestemne", men også eit lokal meisterskap), er imponerande.

BFG Fana kjem særs dårleg ut i denne oversikten, men både karusellane og Ulriken Opp saknast i materialet. For 2012 kjem Gneist sin del truleg til å gå noko opp og BFG Fana sin til å gå ned. Fana ligg heller ikkje med så mykje for 2011, men har allt annonsert fleire arrangement enn dette for 2012 (Kengurustemna).

Topp 10 (med klart atterhald om feil og manglar!)
1. IL Fri 42 innsende lister
2. Osterøy 28
2. Norna-Salhus 28
4. Laksevåg 27
5. Stord 18
6. Gneist 17
6. Trio 17
8. Bremnes 14
9. Ask 13
10. Viking 8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar