fredag 2. desember 2011

Nornalekene

Ja, innandørssesongen har offisielt vore i gang sidan 1. juli. Men trass i eit temmeleg nedslåande år vermessig i 2011, så var det no likevel mest ute ein heldt seg til slutten av oktober. Så har ein så smått teke til å bevega seg inn, med eit par mindre stemne, og først når det bikkar over nyttår får me dei større stemna innomhus.

Me skal naturlegvis ikkje gløyma "prøvestemnet" til Gneist i Leikvanghallen vesle nyttårsafta, 30. desember, men det er vel neppe eit av dei "større" stemna, sjølv om det er viktig nok!

Det første store er utvilsamt nyvinningen Nornalekene, som går av stabelen i Leikvanghallen 6. - 8. januar. Dette er Norna-Salhus sitt forsøk på å laga "Framolekene" inne: eit tredagarsstemne for alle - frå rekruttar til senior - og med etter måten godt øvingsutval.

Fredagen er det øvingar for 11 år tl 17, og i tillegg 3000m for senior (i tillegg til 16-17). Lørdagen er det same aldersspennet, men då er det også "full pake" for seniorane. Og søndagen kjem rekruttane.

For dei som spring langt, blir det for mange det første høvet til å bli svimmel inne: 2000 meter fredagen (14-15 år) er ti rundar, medan 3000 meter skulle bli 15 rundar...

Påmeldingsfristen er 28. desember.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar