mandag 5. desember 2011

Berre Jørgen - Alle Tider, J/G17+, 2011

Det er lett å ta ein stor sveip over dei tre eldste gute- og jenteklassane, i jakta på Gneist-utøvarar som har markert seg i 2011: Det er uhyre få.

Ein del av oss kommenterte det i samband med den glitrande 2. plassen i lagkonkurransen under Tyrvinglekene i sommar - Gneist blei ganske knepent slegne av Sandnes: Det skjedde med eit lag der eldste utøvaren var 16 år og tre månader. Sandnes, mellom fleire lag, mønstra ei rekkje gode utøvarar både i 17- og 18/19-årsklassen, i tillegg til senior.

Det tar framleis eit par-tre år før Gneist fyller heile aldersspennet, til og med 19 år, med utøvarar av begge kjønn. Dei siste par åras satsing på Gneist Junior er med på å sikra at ein held på ei stamme i alle årsklassane.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) er nesten inne på Alle Tider-statistikken i Gutar 18 etter 2011-sesongen. Han er ei einsleg svale mellom gutane, som er 17 år eldre (Jørgen fyller 18 om dagar). Det er muleg at Jørgen kvalifiserer til ein plass på 2000m-oversikten etter denne sesongen. Her er det berre fem inne frå før. Jørgen oppnådde 5:48,91 i år, men det er også muleg at Alle Tider-ansvarleg Stein Fossen set grensa på 5:45 i 18 års-klassen. Også på 10.000 meter er Jørgen forholdsvis nær ei notering, med sine 34:37,79.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar