tirsdag 4. januar 2011

Nye milslukarar

Det er ikkje vanskeleg å forstå dersom ein del heldt seg unna vinterkarusell nr. 4 fordi dei trudde det ville vera sleipt og glatt. Julevinterveret blei sakte, sakte avløyst av eit varsamt mildver i løpet av mandagen. Men føret var langt frå dårleg. Faktisk var det slik at fordi det ikkje var fullt så mange deltakarar som vanleg, så gjekk det endå betre. Det heng saman med at det ikkje blei fullt så mange i breidden i delar av løypa og då blei det lettare å finna bar løype for dei fleste. Glatte parti, snø, slaps og nok væte fanst det likevel, naturlegvis.

På 5km for gutane sprang Jørgen Jensen Axelsen fort og kom i mål på 17:05. Med det hoppa Jørgen opp frå 26. til 7. plass over vinterens beste 5km-tider for menn. På topp 20-lista finst frå før også Ole Martin Røssland (10), Aleksander Lie (12) og Casper Stenersen (19). Elles er det interessant å sjå at Henrik Irgens Gravdal, som var ute det meste av hausten med skade, no er i godt gjenge igjen: 21:37 denne gongen.

På 5km for jentene var det ingen endringar i oversikten over vinterens bestetider, men 13 år gamle Ingrid Næss Johansen var på ny best i kvinneklassen. Ho er nr. 6 på den totale vinterstatistikken, med Renate Lie (9) og Anna Serine Røssland (14) også inne på topp 20-lista.

Det var familien Røssland som representerte dei nye innslaga på 10km. Ole Martin sesongdebuterte på 38:11, utan å ta seg heilt ut. Det plasserer han på 12. plass på vinterens statistikk. Anna Serine sprang sin aller første 10km, der underteikna var medspringande sekundant. Skjemaet var til 49:59, men ein tung periode midtvegs gjorde at me måtte opp i like over 51, 51:12, men no er debuten unnagjort. Tida held til ein 32. plass på den totale vinterstatistikken på distansen for kvinner, der klubbvenninne Ingrid held 6. plassen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar