Bloggen dreg no på treningsleir.
Den treng for det første kvile: Dette er blogg nr. 39 sidan oppstarten først i desember. Og bloggaren oppdagar innimellom nokre ungar som spring rundt om her - kor kom dei ifrå? - og det ligg ei mappe her på pulten det står "Jobb" på, kva var no det igjen? Jo da...
For det andre treng bloggen ny oppfrisking, nye impulsar - og slike ting. Nye impulsar for ein friidrettsblogg finst ikkje i snø, slaps, kaldt regn, sludd, holke. Dei finst i sol og varme og palmesus. Vonleg.
Ei von er det også at det skal bli eit par-tre oppdateringar også frå bloggens treningsleir, så følg med, følg med.
Og når impulsane og den nye frisken er på plass, så er det mykje å oppdatera: Her skal det springast og hoppast (kanskje pittelitt kulestøtast også?) for harde livet også utover i januar. I tillegg stig sola (når ho er framme) og det nærmar seg betre tider klimatisk og vermessig og friidrettsmessig.
Takk for mange gode tilbakemeldingar!
Hasta la vista...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar