søndag 21. juni 2015

Veidekke: For ein tropp!

Éin einaste utøvar frå Gneist stilte til start i årets Veidekkelekene. Var det då muleg å markera seg? Ja, så til dei grader. Andreas Haara Bakketun (G14) sprang to distansar, vann begge og sette norsk aldersrekord på begge!


På 60 meter lørdag sprang Andreas på 7,31. Det er tangering av aldersrekorden, sett i 1986. Det er også ny kretsaldersrekord. Erlend Sæterstøl frå Turn- og idrettslaget Hovding hadde den gamle, frå 1989 (7,35). Og så er det - på toppen av alt - ny klubbrekord i G14 i Gneist. Her hadde Andreas og Pål Haugen Lillefosse rekorden saman før Tyrvinglekene, på 7,45. Då betra Pål den ned til 7,36, før Andreas altså no sprang heilt ned på 7.31!

Men det var ikkje nok med det: Søndag knuste Andreas all motstand på 100 meter. I forsøket hadde han optimal vind (+1,8), nytta sjansen og sprang på råsterke 11,53! Det er eitt hundredel under den gamle norske aldersrekorden, sett i 1995. Kristoffer Blücher hadde elles her både den gamle klubbrekorden og den gamle kretsaldersrekorden, på 11,65.

I finalen blei det elles 11,59 - og suveren siger for Andreas. (Han har no elles klart kvalifiseringskravet både på 100 meter og 200 meter til neste års junior-NM på Brandbu...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar