fredag 5. juni 2015

Ein ny prestasjonskultur

Nei, nei, dette er for så vidt ikkje innleiing til debatt. Det er midt i friidrettssesongen - og debattar har me for vane å ta i mellomperioden på hausten/vinteren. Det er no likevel ein påstand, så får ein ta det som ein vil:

Gneist Friidrett har i fleire år representert ein prestasjonskultur, frå dei ganske unge og oppover. Prestasjonar som klubb i Tyrvinglekene, Världsungdomsspelen og UM har fortalt at denne prestasjons- og vinnarkulturen har vore gjeldande til og med aldersbestemt nivå - 19 år.

No er det grunn til å utvida dette, også til seniornivået. Det er rett og slett godt og realistisk håp om at denne kulturen har smitta over på den seniorsatsinga Gneist frå og med 2015 er i gang med.

Det er rett og slett kjekt - som sunnhordlendingar og hardingar seier det når ein verkeleg skal trøkka til - når det blir skipa til eliteløp på Jessheim og me har Gneist-arar som presterer!

Torsdag kveld var det slikt løp i nærleiken av hovudflyplassen - og det var 1500 meter som stod på agendaen.



Henrik Irgens Gravdal er på milepæl-jakt. Torsdag heldt han fram med å subba. No er han blitt "sub 4"-løpar på 1500 meter. På godt norsk: Han sprang på 3-talet for første gongen, ein svær milepæl! Tida blei 3:59,15. Det var pers med nye fem sekund frå Framolekene. Det er fattige 15 hundredelar frå U18-VM- kravet (Colombia midt i juli). Her går fristen ut 4. juli, nøyaktig éin månad etter gårsdagens løp. Her er framleis sjansar, i høg grad. Med tida si dansar Henrik også inn på 9. plass på Adelskalenderen for senior i Gneist gjennom alle tider. Her har han store namn som klubbrekord-haldar Hans Jakob Berge, Rune Hovlandsdal, Sigve Stenersen og Rodgeir Vigestad framom seg. Vigestad har U20-rekorden i Gneist, Stenersen har den i G17. Den siste er på 3:58,09 - den kan stå for fall den også.

Jens Larsen Åstveit knuste gamlepersen sin under Framolekene, då han sprang på 4:04,21. Torsdag blei det nye to sekund ned - til 4:02,24. Det er like før han tar til å subba han også - også på 1500 meter.

Og Andreas Iden, då, som levererte eit nytt sterkt 2015-løp. Under Framolekene sprang Andreas fornuftig, medan unge Ingebrigtsen sprang sine vidgjetne rundetider. Då var Andreas minimalt bak den tre år gamle persen. Torsdag flytta han tida frå Gøteborg i 2012 ned med solide sju sekund - og noterte seg 4:02,35 som ny. Nye milepælar nærmar seg også for unge Iden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar