torsdag 25. juni 2015

Gneist Goes Global

Monika Benserud representerte sist helg Norge i Superligaen i friidrett i Russland. Med det følgde ho opp Amund Høie Sjursen sitt tilsvarande landslagsoppdrag frå Estland i fjor.

Stian Øvergaard Aarvik går mot ei svært spennande deltaking i EM i motbakkeløp.

Og landslagsdeltaking og kvalifiseringskrav blir markert av Gneist-utøvarar jamleg dette
segnomsuste året - 2015.



Ikkje lenger etter at me bikkar over til juli, så vil Martine Eikemo Borge - for tida oppteken med å vera leiar av idrettsleikar på Fana Stadion - gjera seg klar til å representera Norge under Universiaden i Sør-Korea.

Så er det slik at opptil fleire av utøvarane som er kvalifiserte til meisterskap i sommar dessverre, av ulike grunnar, ikkje kan delta. Men lista over kvalifiserte er likevel oppbyggeleg lesnad. For dei som må kjempa seg tilbake frå ulikt, så må det uansett vera ein inspirasjon.

U20-EM (Sverige, juli)
- Amund Høie Sjursen (kvalifisert i lengde frå innesesongen)

U18-VM (Colombia, juli)
- Ingvild Myking (1500m)
- Henrik Irgens Gravdal (1500m, 3000m)
- Pål Haugen Lillefosse (stav)

"Europeisk ungdoms-OL" (EYOF, Georgia, juli)
- Ingvild Myking (1500m, 3000m)
- Kristoffer Blücher (800m)
- Pål Haugen Lillefosse (stav)

**

Til ungdoms-VM (U18) stiller Norge berre med 1998-utøvarar. Her er såleis Pål Haugen Lillefosse heile tre år for ung, men Pål vil få mange sjansar. Han er også to år for ung til det europeiske ungdoms-OL, der det altså berre er 1999-utøvarar som stiller frå Norge. 

Men lista over kvalifiserte er uansett ein imponerande oversikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar