mandag 15. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 3

Frogner/Nadderud/Heima:

Det starta med full sommar i Oslo og Bærum torsdag, heldt fram fredag og det meste av lørdag. Søndag smakte me på litt haust også austpå, inkludert ei saftig regnbyge over Nadderud utpå ettermiddagen. Men me skal ikkje klaga, som dei godt vaksne seier det.

3. dag av Tyrvinglekene gav oss fleire sterke resultat - og meir nytt til Rekord-magazinet:



Eg startar med dette ungdomsportrettet av Kristoffer Blücher. Kristoffer har ikkje markert seg like sterkt så langt denne sesongen som me har vore vane med. På den andre sida har me vore plukkande bortskjemde med uhyre sterke resultat frå Kristoffer tidlegare. Søndag fekk me eit par sterke lysglimt: På 100 meter blei det 11,37 i forsøket, og dermed betra han to ting frå 11,41 - både eigen pers (frå Nadderud i fjor) og Amund Høie Sjursen sin G16-klubbrekord. Amund er langt frå nokon smågut å bli samanlikna med på 100 meter. På 400 meter smelte Kristoffer til med 51,30 - like så godt i 17 års-klassen - og smadra med det persen (52,07 inne frå i januar og 52,18 ute frå i fjor vår). Det er også betring av Marius Benserud sin 10 år gamle G16-klubbrekord elektronisk. Den var på 51,34. I tilleg sprang Rodgeir Vigestad på 51,1 manuelt, tilbake i 1980.

Eitt av høgdepunkta søndag var ein svært sterk 4 x 60 meter stafett i jenter 10-12 år. Mellom 12 års-jentene er det mange som er svært jamne på den korte sprint-distansen. I tillegg fekk dei fire på laget vekslingane til å sitja som eit skot. Dermed notete me solid siger og 33,43 som slutt-tid. Det er over sekundet betre enn den noterte klubbrekorden, tilbake frå 1996! Dei fire på laget var Emma Dahl Sørbo, Emma A. Voldsund, Hilda-Lovise Riisnes Riise og Una Haukanes.

Emma A. Voldsund gjorde også fleire sterke ting i helga. I Rekord-magazinet høyrer det først og fremst heime at ho betra klubbrekorden sin i spyd i J12 - til 37 meter beint (frå 35,19).

Også Håvard Rinde dreiv og betra eigen spyd-rekord. Han vann spyd-konkurransen med ein halvmeter - og betra G14-rekorden sin frå 43,54 til 46,87.

Til sist eit par persar:

Anna Evensen betra sin på 100 meter frå 13,57 - sett tidleg i mai i år - til 13,48.

Og så kunne eg ha skrive ei bok om Anders Bjørndal og hans jakt på deltaking på 400 meter søndag. (Vel, eg kunne ha skrive ei bok om Anders Bjørndal, punktum.) Her får me nøya oss med å seia at det ordna seg til sist - og Anders fekk tida 52,02. Det er betring av ute-persen frå UM i Haugesund i haust med to tidelar og berre fire hundredelar bak tida hans frå innesesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar