fredag 5. juni 2015

KM - dag 1

Aaah, endeleg 3/4 sommardag! Den eine sommardagen i år (?) fall også saman med dag 1 av KM på Fana Stadion - i fin regi av Fana IL.

Eg må vedgå at det på meg blei ein serie med 1500 meterar (og litt kappgang før det, i tillegg til tresteg medan eg venta), men du verda, det var kjekk underhaldning, det. Og aller best gjorde Ingvild Myking det. Ho blei like så godt kretsmester for senior i øvinga, etter eit durableg oppgjer med Christina Ellefsen Hopland frå Varegg,



Dei skifta på å dra undervegs. Då det drog seg til på oppløpet, så sprang dei parallelt i fleire ti-meterar før Ingvild klarte å finna eit ekstra gir inn mot mål. Imponerande av begge og aller mest av Ingvild. Tida blei strålande 4:33,22. Det er ny utepers med 12 sekund (!) og det er også fem sekund under persen frå inne-UM i mars. Det finst mange "spøkelse" i Gneist-historikken, i form av løparar frå litt tilbake som har sprunge fort, spesielt på lengre distansar. Her har me ikkje minst Sejrup- og Kleppe-familien, men fredagskvelden sletta Ingvild Kjersti Kleppe sin 34 år (!) gamle J16-rekord på 1500 meter. Ho er også nest-best på distansen i Gneist gjennom alle tider.

Pål Haugen Lillefosse betra eigen klubbrekord i G14 på 80 meter hekk, då han flytta den ned frå 11,23 til 11,17.

**

Og her er Gneist sine ferske kretsmesterar frå dag 1:

- Hilda Lovise Riisnes Riise, J12 (200 meter)
- Ingvild Myking, KS (1500 meter)
- Ole-Alexander Padøy, G11 (60 meter hekk, tresteg)
- Andreas Haara Bakketun, G14 (200 meter)
- Pål Haugen Lillefosse, G14 (80 meter hekk)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar